Treng hjelp til å stable Rota-bål

Artikkelen er over 2 år gammel

Kompisgjengen som har stått for bålbygging dei fire siste åra treng fleire frivillige. Og no hastar det.

DEL

- Vi har planane klare. Fredag klokka 20 tenner vi årets bål på Rota, seier Kristian Stokke, ein av eldsjelene bak årets Rota-bål.

Han og kompisgjengen har stått for bålbygginga dei siste fire åra.

Dei har kranbåt og materiale på stell, men no skulle dei så gjerne hatt hjelp av fleire til sjølve bygginga.

- Det er folk i sving med bygging frå morgonen av. Men viss nokon kunne tenke seg å stille på dugnad frå klokka 17 og i eit par-tre timar hadde det vore supert. Vi stiller med transport, seier Stokke.

I år er dei seks personar i sving med bålet. Dei har fått støtte frå fleire lokale firma, men no er det altså fleire hender dei treng.

- Vi har rett og slett litt mangel på krefter, fortel Stokke.

- Felleskjøpet, K. Jansen, E.Karstensen, Ullaland, Solheim Diesel og K. Grønsberg har alle støtta oss, og det takkar vi så masse for, seier han.

Viss du kunne tenke deg å vere med på å sikre eit skikkeleg Jonsok-bål på Florevika kan du kontakte Kristian Stokke på Facebook eller ringe Kristoffer Hove på tlf. 97639322.

LES OGSÅ: Det ulmar på Rota

Artikkeltags