For fjerde år på rad er Ruben best på pengeinnsamling

BEST IGJEN: Ruben Solheim, stasjonsdrivar Cirkle K Florø.

BEST IGJEN: Ruben Solheim, stasjonsdrivar Cirkle K Florø.

FLORØ: Dei siste tre åra har Circle K-stasjonane i Sogn og Fjordane samla inn om lag 163.000 kroner til brystkreftsaka. Best i fylket i 2019 er Circle K Florø.

DEL

Stasjonar som badar i rosa lys. Rosa bilvask, kaffikoppar og kampanjeeffekter. BH-ar hengande frå tak og veggar. Tilsette med nyfarga, rosa hår. Alt dette har blitt eit haustteikn for folk som ferdast langs norske oktobervegar, skriv Circle K i ei pressemelding.

– I år donerte kundar ved 274 Circle K-stasjonar over heile landet meir enn 4,1 millioner kroner til Rosa sløyfe-aksjonen. Det betyr at vi no har passert 30 millionar kroner i totalt innsamla beløp for dei åtte åra vi har hatt aksjonen, seier en stolt Sverre Rosén, administrerende direktør i Circle K Norge.

Stor givarglede i Florø

Fem stasjonar i Sogn og Fjordane var med på Rosa sløyfe-aksjonen i 2019. Circle K Florø var den stasjonen som samla inn mest i fylket. Her ble det reist 14.065 kroner til brystkreftsaka. Deretter følger Circle K Førde med 11.550 kroner, Circle K Sogndal med 8150 kroner, Circle K Skei med 5510 kroner og Circle K Eid med 2382 kroner til Rosa sløyfe.

– Det er alltid stas å vere best, men det seier også litt om givergleden til Florø-folket. Så vidt eg hugsar har vi vore best dei siste åra, og det er ikkje tilfeldig, seier Ruben Solheim hos Circle K Florø.

Og statistikken til Circle K viser at stasjonen hans har trona på innsamlingstoppen i Sogn og Fjordane både i 2016, 2017 og 2018. I fjor var det riktignok berre snakk om ein knapp tusenlapp i forskjell mellom Florø og Førde.

– Vi hadde stort fokus på frivillige donasjonar dei første to vekene, sidan vi har så mange faste kundar. Eg vil rette ein stor takk til kundane våre, både for bidraga og tålmodigheiten. I tillegg fortener dei tilsette stor heider for gjennomføringa av Rosa sløyfe. Dei er like gira kvart år, seier Solheim.

Rosa hovudsamarbeidspartnar

Blant alle stasjonane i Norge var det Circle K Elverum som samla inn mest i år, hele 111.600 kroner. Deretter følgte Circle K Forus med 110.460 kroner. Dei to stasjonane duellerte om førsteplassen gjennom heile oktober.

På fylkesnivå samlet Rogaland inn mest pengar – om lag 583.000 kroner, etterfølgt av Akershus, Hedmark og Oppland.

Circle K Norge er ein av hovudsamarbeidspartnarane til Rosa sløyfe-aksjonen, som vert arrangert av Kreftforeningen og Brystkreftforeningen.

Temaet for årets Rosa sløyfe-aksjon var «rosa forskjellsbehandling». Mens nokre blir friske av ein operasjon, må andre igjennom eit lengre løp med både cellegift, stråling og hormonbehandling. Midlene frå årets Rosa sløyfe-aksjon går difor til forsking på persontilpassa brystkreftbehandling.

Artikkeltags