Tidlegare i vår sa kultursjef Odd Gunnar Myhre opp stillinga si som kultursjef i Kinn kommune. Han ville kome nærmare kjærasten som bur i Ulsteinvik, og takka difor ja til ein jobb som kulturleiar i Herøy kommune. Han tek til i jobben 1. august.

No melder Fjordenes Tidende at Ronny Silden Totland tek over jobben som kultursjef. Han blir konstituert i jobben, med ein varigheit på inntil seks månader.

– Tilsetting av ein ny kultursjef skal sjølvsagt baserast på ei utlysing, internt eller eksternt. Det har med lover, regler og økonomi å gjere. Men no treng vi nokon til å halde orden i sysakene inntil vidare, og det veit eg at Ronny kjem til å gjere på ei god måte, seier kommunalsjefen som har kultur i sin portefølje, Rolf Bjarne Sund til Fjordenes Tidende.

Silden Totland er i dag kulturhusleiar for Nordfjordhallen. Fram til 1. august skal han sjonglere begge jobbane. Etter det blir han kultursjef på full tid.

Cathrine Høyland vil ta over som sjef for Nordfjordhallen i ein mellombels stilling, inntil vidare.