Gå til sidens hovedinnhold

Roleg helg for politiet

To mindre hendingar natt til søndag.

Fungerande politistasjonssjef i Florø, Kåre Toreid, seier det var to mindre hendingar i byen natt til søndag:

– Det var ein mindre episode i Strandgata der det var tre personar involvert. Dei var litt hissige, og det var litt knuffing og munnhoggeri, men alle dei tre etterkom pålegget fei fekk om å forlate sentrum, fortel Toreid.

Same natt føretok patruljen som var ute ein kontroll på tre mopedar som hadde høg fart og laga mykje støy.

– Førarane blei kontrollerte. Alle hadde gyldig førarkort og alle fekk munnleg åtvaring om å endre åtferd. Alle var også mindreårige, så dei fekk beskjed om å komme seg heim, opplyser politistasjonssjefen.

Kommentarer til denne saken