– Det var verkeleg ein vellykka open dag på Steinvik, seier Anne Karin Måren Vassbotten.
Dagen er lagt opp som ein aktivitetsdag for heile familien. Fiskekonkurranse, quiz, omvising, båttur og veteranbilar. Noko for ein kvar smak.
– Vi var veldig usikker på kor mange som kom. Vêret var usikkert og det var mykje anna kjekt som skjedde ute i Florø.
Sjå alle bilda frå dagen her.
Trass i dette, var det om lag 550 menneske som tok turen til Steinvika.
– Det er vi utruleg nøgde med. Det er 100 mindre enn i fjor, men då var utgangspunktet heilt annleis og vêret var fantastisk. Det viktigaste er uansett at folk kosar seg, og det gjorde dei! seier Måren Vassbotten.
Nytt av året var karet med rognkjeks. Ungane stod rundt karet til ei kvar tid og dei hardføre, stein-liknande, fiskane kunne strykast og haldast utan problem.
– Det heile er arrangert på dugnad. Alt er gratis. Inntektene frå matsalet går til Steinhovden grendelag, til inntekt for gatelys. Vi er utruleg takksame for alle dei frivillige, gode medhjelparane frå bygda, båtførarane og dei tilsette på Steinvik Fiskefarm, seier Måren Vassbotten.
Ho trekk også fram Per Øyvind Sørbø og fotballgruppa i Eikefjord. Dei stilte tradisjons tru som parkeringsvakter og vakter på dei ulike aktivitetane. Og sjefen sjølv, Sørbø, stilte som speaker.
– Vi hadde aldri klart oss utan dei: Tusen takk for ein flott dag! avsluttar Måren Vassbotten.