KRITISK: Kva gjer du om ein person framstår som livlaus? Kven ringer du, korleis får du puls og korleis sikrar du frie luftvegar og kva er eigentleg stabilt sideleie??

- No skal eg heim og gjenopplive foreldra mine!

Publisert

100 elevar mellom 5. og 7. klasse hadde torsdag skuledagen sin på Amtskaia ved Haffen i Florø. Her hadde Redningsselskapet invitert til det nasjonale prosjektet «Førebyggande seilas» og naudetatane hadde takka for invitasjonen og stilte opp. Difor var det ei smilande Bente Ottesen, regionansvarleg i redningsselskapet, som kom oss i møte.

– Ingen skal drukne

Det er ikkje lenge sidan to ulike båtar sokk og ungdommane om bord var heldige då dei kom frå hendingane i live. For du skal ha respekt for det våte element og du skal ta dei nødvendige førehandsreglane skal du ferdast på havet. Skal ein så slike haldningar i folket, må haldningane skapast og dei må haldast ved like. Redningsselskapet har jobba slik i 125 år.

BEVISET: F.v: Kristoffer Haukås (10), Ada-Marie Stensvoll Smørdal (11), Anders Hammerset Lundekvam (11), Olivia Tonheim (11) Sjåstad (11), Torje Grindheim (11) og Leah Sisi Sinclair Aukland (10) med beviset i hand på at dei no kan pålestikk.

BEVISET: F.v: Kristoffer Haukås (10), Ada-Marie Stensvoll Smørdal (11), Anders Hammerset Lundekvam (11), Olivia Tonheim (11) Sjåstad (11), Torje Grindheim (11) og Leah Sisi Sinclair Aukland (10) med beviset i hand på at dei no kan pålestikk.

– Vi har eit mål om at ingen skal drukne. Skal vi nå slike målsettingar er det førebyggande arbeidet avgjerande og slike dagar i møte med barn og unge blir veldig viktige, påpeikar Ottesen.

Prosjektet er nasjonalt og rettar seg inn mot barn og unge. Torsdag var det over 100 elevar som fekk undervisning av helsevesenet, politiet, Røde Kors og representantar ifrå Redningsselskapet. 

– Viktig for oss ved havet

Varaordførar Jan Henrik Nygård var på plass og streka under det viktige med sjøvett for oss på kysten.

– Gode haldningar er viktig, men å vite kva du skal gjere om ein skulle kunne komme ut for ei ulykke er også noko vi ønsker å plante i born i ung alder, dette er viktig for vi vil jo at folk skal få dei gode opplevingane medan dei ferdast på sjøen, seier Nygård. Han stilte villig opp til å hoppe i havet slik at redningsskøyta fekk demonstrert for elevane som stod på land korleis dei plukkar opp folk i sjø.

Ottesen i Redningsselskapet ville også trekke fram borna som pedagogar knytt til sjøvett.

– Barn er dei beste ambassadørane våre, og får vi inn godt sjøvett i tidleg alder etablerer vi god haldningar. Og det er ofte slik at borna har dei beste haldningane og har god kunnskap om sjøvett medan foreldra trur dei kan alt, men har nok litt å lære. Vi veit at born ofte lærer haldningar bort til foreldra sine, noko vi er veldig stolte av, fortalde Ottesen og smilte.

Vi snakka med nokre av desse kommande ambassadørane torsdag.

Mykje kunnskap

– Vi har lært ekstremt mykje i dag, vi har fått masse informasjon om hjarte og lungeredning, og no kan vi dei viktigaste knutane, kom det frå Ada-Marie Stensvoll Smørdal (11). Ho synest skuledagen hadde vore heilt super. Og nokre hadde også fått pedagogiske ambisjonar knytt til sjøvett.

– No skal eg rett heim og «gjenopplive» foreldra mine, fortalde ei hoppande Leah Sisi Sinclair Aukland, ho kunne knapt vente på å vise foreldra den nye kunnskapen sin på området.

Det var eit yrande liv på kaia heile torsdagen, der grupper på 10–12 elevar gjekk frå post til post. Dei fekk «hands on"-kunnskap i hjarte og lungeredning og munn-til-munn metoden. Dei fekk også forklart kva dei skal gjere med personar som verkar livlause og dei vart syna korleis ein opnar luftvegane og legg personar i stabilt sideleie. Dei fekk teste å kaste redningsline og demonstrert det viktige av å feste stroppene i redningsvesten skikkeleg. Ein av postane var besøk i redningsskøyta der mannskapet svara på spørsmål knytt til arbeidet sitt. I tillegg fekk dei teste kunnskapen sin på knutar og stikk. Dei lærte mellom anna den viktigaste knuten av dei alle, «pålestikket».

– Det er veldig moro for oss å møte born på denne måten. Mitt inntrykk er at dei kan mykje, og at dei er nysgjerrige på å lære, det er moro å registrere, fortalde Renate Sætre i politiet.

No går saglasen sørover for redningsselskapet der Bergen er siste stoppestad i denne omgangen.

Artikkeltags