Vurderer å søke med drone

Politiet vurderer no å bruke drone for å finne sakna Randulf Bendiksen.

Politiet vurderer no å bruke drone for å finne sakna Randulf Bendiksen.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leiteaksjonen etter Randulf BendiksenRøde Kors har leita i heile dag – og leitar framleis- etter den sakna mannen i 50- åra ved Høydal i Flora kommune, melder firda.no

– Røde Kors har vore ute med båt og har gjort overflatesøk, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust i Vest politidistrikt til Firda like før 19.00 laurdag kveld.

Eit ny gruppe i Røde Kors har nettopp teke over leitinga etter mannskapet som har leita fram til no.

– Vi vil kartlegge straumningane i området for vidare planlegging av søket, seier Myklebust.

I morgon tidleg blir det gjort ny vurderingar av leiteaksjonen. 

– Vi vurderer også dronesøk i området, men her spelar vêr og vind inn. 

Det var torsdag båten til den sakna blei funnen  drivande ved Osstrupen bru, nær Høydal, innanfor Stavang.

Båten mannen brukte, var ein liten skjergardsjeep med vindskjerm. Den vart funnen nær brua på fylkesveg 542.

Politiet reknar med at mannen er omkommen. 

Artikkeltags