Mary Black i aksjon i konsertteltet i Iglandsvik då Bremanger Rockeklubb hadde 20-års jubileum.
Arve Solbakken

Vil gjenoppleve den gode atmosfæren i Bremanger

– Eg er privilegert som artist sidan eg kan velge kor eg vil opptre. Vi ønsker å gjenoppleve den gode atmosfæren og mottakinga vi fekk i Bremanger sist.
Publisert


Det fortel Mary Black, ein av dei mest erfarne og folkekjære artistane i Irland. Ho har ein einaste konsert i Norge på planen sin kommande sommar og det blir søndag 14. juli i Bremangerhallen. Ho blir toppnamnet på plakaten til årets Rockweekend. Mary og hennar trufaste band flyr inn frå Dublin eins ærend. Det gjorde dei også i 2002, då dei spelte på 20-årsjubileumet til rockeklubben i Bremanger.

– Vi hadde det veldig kjekt sist og kosa oss med den gode stemninga på øya. Eg hadde eit sterkt ønske om å komme tilbake og i år var det endeleg mogleg å få til.

Mary Black då ho kom til Iglandsvik under Rockweekend i 2002. Her blir ho møtt av Hilde Hauge, som framleis er medarrangør.

Mary Black då ho kom til Iglandsvik under Rockweekend i 2002. Her blir ho møtt av Hilde Hauge, som framleis er medarrangør. Foto:

Kanskje kjem Emmylou Harris?

Førre gong forsvann både instrumenta, klede og bagasjen elles på flyplassen og dei kom med skyssbåten til Iglandsvik med det dei stod og gjekk i. Men der i bygda var det ikkje vanskeleg å finne tak i gode instrument og utstyr. Største utfordringa var å finne ein tilfredstillande trommestol.

– Det gjekk veldig fint. Det var ei verkeleg god oppleving, understrekar Mary.

Mary Black har turnert sidan tidleg på 1980-talet og har siste året hatt ei konsertrekke i Australia, Holland og to i USA. Ho turnerer sjølvsagt også i heimlandet Irland.

– Visste du at din gode kollega Emmylou Harris skal opptre dagen før på countryfestivalen på Breim?

– Verkeleg? Då må eg sende ei melding til ho og sjå om det passar slik at vi kan treffast.

– Kanskje ein duett på scena i Bremanger?

– Eg hadde elska å få til det. Men det avheng av kor tett reiseprogram Emmylou og bandet har.

Eg hadde elska å få til ein duett med Emmylou Harris. Men det avheng av kor tett reiseprogram ho har.

Mary Black

Sterk musikkfamilie

Mary Black er del av ein sterk irsk tradisjon med gode kvinnelege songarar som Eleanor McEvoy, Dolores Keane, Sharon Shannon, Maura O'Connel og søster Frances Black, Ho vaks også opp i ein familie der fleire av søskena har spelt i lag profesjonelt opp gjennom åra. Hennar eigen familie, er sonen Danny medlem av det suksessrike bandet The Coronas i Irland og dotter hennar er soloartist under namnet Róisín O.

– Eg har ikkje pressa på dei å bli artistar, men har vore støttande. Men karrierevalet har dei sjølvsagt tatt sjølve, understrekar ho.

– Sist du var her omtalte vi deg som veteran?

– Ja, kva er eg no då, nesten 20 år seinare, ler ho.

Så derfor. Superveteran, grand old lady og no bestemor Black er i full vigør i musikkbransjen og kjem til å halde fram med det, sjølvsagt balansert opp mot å verne om familielivet. Ektemann Joe O’Brien er også bandets manager- slik at kontrollen ligg 100 prosent i heimen.

Rørde hardbarka karar til tårer

– Vi er besteforeldre til eit barnebarn på fire og eit på seks år. Dei bur i nabolaget og vi er veldig opptekne av å vere med dei og knyte sterke band. Det er ein vidunderleg ting med å vere besteforeldre. Etter at dine eigne barn blir vaksne, blir du lett overvelda av sorg og melankoli, når du ser på bilde av dine eigne barn som små. Med den kjensla forduftar som dogg for sola, når du får barnebarna på besøk. Det er heilt vidunderleg.

Mary Black om bord i skyssbåten i Bremangerpollen. Grotle i bakgrunnen.

Mary Black om bord i skyssbåten i Bremangerpollen. Grotle i bakgrunnen. Foto:

– Sist du var her- såg vi at hardbarka vaksne karar blei rørde til tårer av musikken din?

– Ja, det er då ein heilt naturleg reaksjon. Tekst, musikk eller kombinasjonen av dei, treff ofte ein nerve og koblar seg opp mot kjenslene til folk. Musikk er universell og intuitiv kommunikasjon. I Irland er det ikkje uvanleg å sjå folk bli veldig emosjonelle når ein framfører tradisjonelle og kjære irske folkesongar.

– Eg la også merke til at du var god på å få rusa skravlebøtter i publikum til å dempe seg og faktisk høyre etter?

– Eg er irsk, veit du. Dette er eg vant til. Då stoppar eg gjerne opp litt i konserten og gir ein vennleg, men direkte replikk til vedkommande om å dempe seg. Med humor som verkemiddel går det som regel veldig bra.

Sterke band

Medlemmene i bandet har vore med i ein liten mannsalder.

– Eg er velsigna med å ha eit fantastisk band. Vi har sterke band oss i mellom. Det er viktigare for meg at vi kommuniserer godt og arbeider komfortabelt på eit personleg plan- enn at musikarane er teknisk briljante. Vi er eit som eit lag med brødrer og søstrer.

– Kva repertoar vil du komme med?

– Det er så mange songar å velje frå. Det blir nok eit utval av populære songar og eigne favorittar. Når vi er i utlandet brukar vi alltid å ha med "Song for Ireland".

– Apropos Irland, kva er ditt syn på brexit?

– Ein hard brexit vil vere ein katastrofe for både oss og engelskmennene. Dei er naboane våre og ein ny situasjon med grensekontroll vil gjere det vanskeleg å ferdast fritt mellom landa slik vi er vande med. Den aller verste konsekvensen ville vere at uroen i Nord-Irland kan blusse opp att. Eg har ei dårleg magekjensle. Eg får verkeleg håpe at eg tek feil.

Firdaposten sin artikkel i 2002.

Firdaposten sin artikkel i 2002. Foto:

Diskografi

STUDIOALBUM

Mary Black (1982)[14]

Collected (1984)[15]

Without the Fanfare (1985)

By the Time It Gets Dark (1987)

No Frontiers (1989)

Babes in the Wood (1991)

The Holy Ground (1993)

Circus (1995)

Shine (1997)

Speaking with the Angel (1999)

Full Tide (2005)

Stories from the Steeples (deluxe edition contains 3 bonus tracks, 2011)

By The Time It Gets Dark - 30th Anniversary Edition (fully remastered album containing a newly recorded song and bonus material, 2017)

SAMLEALBUM

The Best of Mary Black (1990)

The Collection (1992)

Looking Back (1995)

Song for Ireland [USA] (1998)

The Best of Mary Black 1991-2001 & Hidden Harvest (2001)

Twenty Five Years, Twenty Five Songs (compilation with new and re-recorded material, 2008)

Down The Crooked Road - The Soundtrack (soundtrack accompanying Mary's autobiography of the same name, 2014)

Mary Black Sings Jimmy MacCarthy (compilation including new and previously recorded material of Jimmy MacCarthy songs, 2017)






Artikkeltags