Rockweekend byr på metall, humor og Ingebjørg

Ingebjørg Bratland toppar plakaten under Rockweekend 2020, saman med mange energiske og humoristiske rockarar i banda Black Debath, Reachin Summit, Young Fogertys og Fivrell.

Ingebjørg Bratland toppar plakaten under Rockweekend 2020, saman med mange energiske og humoristiske rockarar i banda Black Debath, Reachin Summit, Young Fogertys og Fivrell. Foto:

– Vi er glade for å ha fått den folkekjære artisten Ingebjørg Bratland til hallkonserten søndagen. Elles blir programmet både rocka og humoristisk.

DEL

Det fortel Roger Igland i Opplev Bremanger. Gruppa, som elles består av Hilde Hauge (leiar), Mary Jane Matthews Varpe., Maria Igland og Andreas Gjersund Runningen, er i gang med førebuingane til den årlege musikkfestivalen, som har røter langt tilbake til 1980-talet.

Festivalen blir arrangert same helg som Vetenløpet- 10.- 12 juli.

Familievennleg

Rockweekend blir som vanleg ein festival bygd rundt familieaktivetar i Iglandsvik og intime klubbkonsertar med både kjende og ukjende band på tradisjonsrike Havly Pensjonat i Iglandsvik.

Nedst på kjendisfaktorskalaen finn vi banda Reachin Summit frå Bergen og Fivrell frå Oslo. Førstnemnde spelar rock med gode poprefreng- eit band som blir varmt tilrådd av P3-urørt.

Fivrell er eit nytt Oslo-basert band under leiing av bremangar og Silo-gitarist Iver Senneset, som også har med seg Silo-trommis Oliver Igland i bandet. Musikken skildrar dei som varm, jordnær og lystig, samtidig feiande rytmisk, og lett melankolsk, med finurlege tekstar på kav bremangersk.

Metall og Fogerty

Som ihuga fan og kjennar av John Fogerty sine konsertar og musikk, har Roger Igland store forventningar til bandet Young Fogertys.

– Dette er ikkje noko danseband-Creedence-orkester. Dei er etter mitt syn det einaste coverbandet her til lands som yter John Fogerty sin musikk rettferdigheit. Young Fogertys har lykkast å lage sine tolkninger av Creedence med ein slik spirit at ein faktisk kan late igjen auga og føle ei tidsreise tilbake til California i 1969.

Humor, politisk satire og metall er varemerket til Black Debbath.

Humor, politisk satire og metall er varemerket til Black Debbath. Foto:

Frontfigur, songar og gitarist Ole Petter Andreassen, spelar også i humor-metallbandet Black Debbath. Bandet har levert blytung, norskspråkleg politisk rock med humor i dryge femten år. Gjennombrotet kom med låten «Problemer innad i Høyre» i 1999. Dei er framleis aktive og kom ut med plata «Norsk barsk metall» med fengande skråblikk på samfunnet akkompagnert av blytunge rytmar og feite syttitallsinspirerte bluesriff. Med tungrockens kraft er dei umoglege å argumentere mot. Dei vinn ein kvar krangel og diskusjon gjennom overdrive høgt volum, groove og samspel.

Det er berre å skaffe seg godt høyrselsvern og blokkere det politiske debattgenet for høvet.

Søndagen

Dei siste åra har Rockweekend hatt søndagskonsertar i Bremangerhallen med Kari Bremnes, Odd Nordstoga og sist år med irske Mary Black.

– Her ønsker vi gode artistar som femner breitt og appellerer til fleire aldersgrupper. Her passar Ingebjørg Bratland godt inn med sitt fortryllande vesen og vakre stemme. No i vinter er ho på kulturhus-turne, men vi reknar med at ho har eit litt anna konsept og band når ho legg ut på somarturneen.

Den nye musikken er skriven av Ingebjørg sjølv og produsert av Espen Lind og Geir Hvidtsten. Stilmessig ligg det nye materialet i området country, folk og pop.

Billettsalet startar på Ticketco.no på onsdag kl. 12.





Artikkeltags