Moses og bandet kjem endeleg med sitt andre album, fem år etter debuten. Og tida som har gått har ikkje slipt vekk Moses sitt til tider maniske og karismatiske uttrykk, han er framleis til tider borderline svovelpredikant. Låtane er framleis flotte, med ein god spennvidde i uttrykket, frå det lågmælte varsame til det meir utagerande og høglytte.
Dei største grunnane til endringane - slik eg ser det - er nok at dette er meir ei band-plate, og skifte av produsent frå Freddy Holm til Torgeir Waldemar og Anders Møller (Euroboys, Label, Ulver). I tillegg til at Holm i kraft av hovud-musikar på ”Self Developing Country“ ga denne plata eit større country- og folkpreg. Denne gongen ligg det musikalske meir mot blues og sørstatsrock. Det er til tider ganske så tungt.
”Alive In The Flood“ opnar plata og ligg både i tyngd og sjanger midt på treet. Med sine glidande slidegitarar med fuzz og lett slentrande komp. Tyngre deltablues blanda ut med det lettare og lysare som møter ein ved enden av deltaet. Langt der framme ved havet, ein litt lettare New Orleans-swing. Men heile tida Moses si intense lett gjenkjennelege stemme, som bringer tankar og stemning attende til den mildt sagt imponerande debuten frå 2013.
Malin Pettersen tek over vokalen på ”Lost Lullaby“, og i den grad ein treng å spenne seg fast for ein ballade - er det no. Kombinasjonen av Pettersen si flotte stemme og herleg hammondorgel er mildt sagt nydeleg. Og noko heilt anna enn den ganske intense byrjinga på plata - eller resten av plata for den skuld - eit sidesprang som sit i gjennom heile vegen.
”Rise from the Mud“ hiv oss ut i den meir svoveldampande kvardagen til The Harmony Crusaders. Det er den eigentlege utgåva av bandet som stig opp att frå gjørma av bluestynga americana, med Ketil Kielland Lund sitt nydelege hammondorgel som ein stor og tydeleg del av lydbiletet. Og når vi er inne på dei som verkeleg set sitt preg på plata, så er det vanskeleg å komme utanom Anders Hofstad Sørås. Med sine bidrag på alt som har strengar. Han er den som instrumentalt er den største eigaren på plata; akustiske og elektriske gitarar, pedal- og lap-steelgitar, mandolin og banjo, omnichord (ok, elektroniske ”strenger“) og sigarkassegitar. Det som verkeleg gjer plata til det den er.
Deretter hiv dei seg ut i den heseblesande ”Hipster Cripple“, ein fem og eit halvt minutts instrumental. Som utan samanlikning elles minner meg om Love Sculpture og Dave Edmunds sin 50 år gamle versjon av armenaren Aram Khatchaturian sin ”Sabre Dance“. På halv fart riktignok.
”Find Out or Fit In“ er ein låt attende i den normale kvardagen til The Harmony Crusaders. Her tidvis ein duett mellom Moses og Pettersen. Tydeleg og dominerande trekkspel (accordion) frå Lund. Og nydeleg slidegitar frå Sørås. Med ein småfunky groove som ligg under og driv låten frametter.
Moses kunne stått naken attende på ”We Can Make Things Right“. Men det gjer han sjølvsagt ikkje. Ein folk-låt som berre treng stemma og ein akustisk gitar, har fått mykje meir enn det. Men likevel ikkje. Det som finnest av ekstrainstrumentering her er nennsamt og varsamt spelt.
”Plutonic Friends“ hiv oss verkeleg ut i det ukjende. Eller kjende. Her skin inspirasjonen frå dei meir utsvevande sidane av sørstatsrocken gjennom (Som Allmann Brothers utan hammondorgel). Kombinert med kor frå underverda til ”guden“ Pluto. Eller meir messing. Med eit lydspor som ganske så umelodiøst og dronete driv ubønnhørlig frametter. Og ein tekst som for det eg veit kan vere unnfanga under påverking av sentralstimulerande middel. Herleg intenst.
Avsluttinga ”The Sad Sad Sound Of Goodbye“ er ikkje mykje trist. Den er ein retur til den meir countryfolk-klingande utgåva av bandet. Og er berre heilt nydeleg. Etter på ein måte å ha blitt tygd og spytta ut av låten fram forbi, er det befriande når tinga blir meir harmoniske.
Sjølv om Robert Moses og bandet saknar graden av overrasking dei hadde i 2013, er det framleis lett å la seg forføre. 2018-utgåva er litt annleis, men framleis knakande god. Dei treng berre litt meir tilvenning i år.
Tilgjengeleg på CD, vinyl og strauming 9. februar 2018.