Årdølen Ketil Thorbjørnsen blei kalla alt anna enn verdsmann då han i januar sleppte laus låten “Svik”, han var i enkelte sine auge meir ein usling. Det var ikkje alle som skjønte den ironiserande og sarkastiske teksten. Og dermed truleg såg på teksten som eit forsvar for innvandring og eit angrep på norske verdiar. Jaja, dei om det. Det er ikkje noko her som klarar å trekke meg noko særleg opp. Men jaggu høyrest han av og til veldig sint ut, Sintemannen Thorbjørnsen. På denne plata som av diverse årsaker gjekk under radaren min då den blei gitt ut i slutten av april.

Men det er mykje å glede seg over på den musikalske sida her, og den før nemnde “Svik” opnar plata. Sannsynlegvis den mest kjende låten her, av årsaker nemnd over.  Men det er ein flott låt. Litt stakkato folk-rock. Med tydeleg gitar og piano. Og eit herleg trekkspel/accordion mot slutten.

 

”Hundre hol i armen“ tek oss ikkje til nokon finare stad. Her snakkar vi om ein stoffmisbrukar og ”gleder“ som følger med problemet. Der ein lever frå skudd til skudd. Med litt Cosylan inn i mellom. Og sjølvsagt dei som skal hjelpe han og andre likestilte attende til samfunnet. Som manglar både forståing og empati. Musikalsk ligg han i same sporet som på den første låten. Lydsporet frå helvete er sanneleg av det friske og positive slaget.

Då vart det brått litt mørkare og alvorlegare på ”Trøyst“. Innleiingsvis roleg og dystert. Deretter raskare og meir intenst, med ein tekst som kan tolkast på fleire måter. Anten er det du som sit nede og blir sungen til, eller så syng eg-personen til ein som ligg nede og lir. Ikkje så veldig oppmuntrande eller trøystande nokre av delane. Men låten blir runda av med ein feiande flott slide-gitar og tungt rockekomp. Og der det er fuzzgitar er det alltid håp.

”Bygdedyret“ fortset med slide-gitar og blueskjensle. Med ein med eit tekstleg tema godt kjend for oss på bygda. Rett og slett ein flott og fengande låt. Noko den har til felles med resten av innhaldet her. For sjølv om tekstane er aldri så viktige og godt skrive, med ein bodskap som når inn til meg, er det alltid melodiane og framføringane som er det viktigaste for meg.

 

Og sjølv om uttrykket er endra radikalt på ”Verdsmannen“, er ikkje det så forskjellig likevel. Platas rolegaste låt med historia om turbokapitalisten som måtte kapitulere for kjærleiken, er vakker og kunne like godt vore levert av Bjella eller Nordstoga.

”Den Perfekte Dag“ er vel langt frå det-  perfekt altså. Nok ein låt i lågare tempo. Men meir enn intens nok. Denne gongen med eit hint av både Waits og Kaizers. Og tekst med beskriving frå nok ein av livets skuggesider. Psykiatrien kjem til kort, det endar i sjølvmord. Ho blir ikkje tatt på alvor, det er jo ikkje noko som synest på utsida. Ta deg saman - så går det nok over. Kanskje platas naknaste og sterkaste tekst. Og vondast å lytte til.

Og etter dette føler vi alle behovet for ein vals, eit behov ”Betongskogens Gut“ dekkar godt. I alle  fall i litt over to minutt. Då slår bandet om takta og tempoet og hiv seg ut i ei heseblesande rocka avslutting. Dei høyrest plutselig meir ut som Bachman-Turner Overdrive, ein finurleg og fin variasjon av det musikalske uttrykket. Teksten er framleis på livets skuggeside, ein rapport frå avdelinga med alkohol- og narkotikamisbruk. Med andre ord, igjen ubehageleg.

”Dreg I Lag“-  som avsluttar denne flotte plata, gjer dette i ein meir optimistisk og positiv tone. Verdsmannen blir her akkompagnert av berre eit trekkspel, og no er det polka som gjeld! Eller kanskje ikkje. I staden får vi platas rolegaste og avslappa innslag.

Og på denne måten går vi ut av denne til tider svovelsydande jammerdal av ei plata på ein harmonisk og roleg måte. Og får til slutt trøyst, og ikkje minst: håp.