RINGSAKER BLAD: Det var Firdaposten som laurdag kveld først omtalte at det under kampen mellom Brumunddal og Florø, som blei overført på Direktesport, blei fanga opp to svært uheldige ytringar av produksjonens mikrofonar på Sveum.

Avisa omtalte korrekt at ordet «neger» blei uttalt i bua, der blant anna pressen held til.

– Det viser seg at det var vår medarbeidar på kampen som brukte ordet. Eg beklagar til alle som feilaktig har fått negativ merksemd i denne saka. Vi beklagar til klubben og vi beklagar til publikum på Sveum for måten dette blei handtert på frå Ringsaker Blads side, seier Freng.

Det var under ein samtale i pressebua at ordet vart uttalt. Det blir blant anna snakket om kor Florø-spelarane bor, og det blir sagt at «han stopparen ved sida av han negeren der (...) polakk som bor i Bergen.»

– Dette er eit nei-ord, og vi beklagar sterkt at dette er blitt uttalt, seier RB-redaktøren.

Freng har snakka med medarbeidaren om det som har skjedd.

– Vår medarbeidar er lei seg for dette og understrekar at dette ikkje var rasistisk motivert. Samtidig forstår han konsekvensane av det han har sagt, seier Freng.

RB-sjefen beklagar også sin eigen handtering av saka.

– Vi fekk mange tips om at Firdaposten hadde skrevet denne saka laurdag kveld. Eg valde å bruke deler av denne saka, men omskreiv noko. Blant anna fordi eg ønska å opplyse våre lesarar kor i sendinga det skal ha blitt sagt at ein spelar på Florø skal reise heim til sitt eige land.

– Eg høyrde gjennom deler av sendinga og oppfatta sjølv, på det tidspunktet at dette blir sagt, noko som etter vår meining no er feil, seier Freng.

Dagleg leiar i Brumunddal fotball, Bjørn Nybu, har sjølv høyrt gjennom lydopptaket fleire gonger. Søndag, etter å ha blitt konfrontert med saka, var han klar på kva som vart sagt.

– Han påpeiker at det som meldast frå tribunen er at ein person seier « … man må jo heie på sitt eige land». Etter å ha høyrt gjennom lydklippet gjentatte gonger, er RB av den same oppfatninga. Derfor blir påstanden om rasistisk ytring frå tribunen feil på alle moglege måtar. Eg har ein svært dårleg følelse overfor dei personane som snakka utanfor bua, seier Freng.

RB-redaktøren erkjenner at han har fått mange dyrekjøpte erfaringar de siste dagane.

– Her er det gjort fleire feil, seier han.

Medarbeidaren blir følgt opp, og er kjent med RBs avgjerd om å publisere denne saka.

– Vi tar dette på største alvor, og skal ha ein grundig gjennomgang. Eg har snakka med Bjørn Nybu i Brumunddal fotball og beklaga. Dei er førebudd på at denne saka nå blir publisert, avsluttar RB-redaktør Gaute Freng.