Jordraset som gjekk ved Marka på riksveg 5 like ved avkøyrsla til Fjordbase like før klokka 20 tysdag kveld, fører framleis til stengd veg.
No skal eit reinskelag kallast ut for å jobbe i fjellsida over rasstaden, der den sjeldan eller aldri har rasa tidlegare.
Når denne jobben er gjort, vil det bli ei ny vurdering om å opne vegen. Det skjer rundt klokka 15 onsdag.
Dermed blir det framleis omkøyring forsatt via Fv 5704, Brandsøyvegen.