OPPDATERING: Florarevyen er no avlyst.

– Ny status for Florarevyen 2020: Florarevyen er avlyst etter ny vurdering frå rådmann og kommunelege. Vi vil bruke dei næraste dagane til å vurdere om revyen kan bli arrangert seinare i år, skriv Per Øyvind Helle på Facebook.

Dei som har kjøpt billett kan få denne refundert. Florarevyen håpar likevel at publikum anser billetten som eit støttemedlemskap i Florarevyen, for å støtte dei i ein økonomisk vanskeleg situasjon, og bidra til at det blir revy også neste år.

Dei hadde i utgangspunktet fått godkjenning av rådmann og kommunelege til å arrangere revy denne helga, altså den 13–14 mars – med eit lite atterhald om rask eskalering. Men no er altså situasjonen at alle framsyningane er avlyst.