Best med noko attåt

Artikkelen er over 4 år gammel

Sjå video av premieren til sommarrevyen "Smått e Godt"

DEL

Torsdag kveld hadde sommarrevyen «Smått e Godt» premiere. Og folk fekk det dei kom for.

Lott, leven og platt humor. Sommarrevyen gjekk av stabelen og stemninga blei levert: Lettbeint humor som er aller best med eit glas vin innanbords.

Lokal vri

Den vesle revygjengen på 16, har dei siste vekene jobba intensivt med sommarrevyen. Dei aller beste karakterane frå førre års revyar blei kjærkomme tatt i mot og i år hadde gjengen med seg revyfjesa Jonas Rønning og Øyvind Angeltveit. Innslaga til dei rutinerte revyskrivarane utgjorde halvparten av sketsjane, alle med ein liten lokal vri.

Sjå videoen nedst i saka.

Trass i innkjøpt revyhumor var likevel Trond Ramstad Olsen sin presentasjon av venstrepolitikar Jan Arve Midtbø, kveldens høgdepunkt. Bonderap, med ny tekst i anledning sommarrevyen, sit som eit skot og er utan tvil det nummeret som hausta mest latter og applaus.

Nord-Korea

Det er og verdt å trekke fram Kim Jung-un, diktator i Nord-Korea, som held kurs i leiing for Flora kommune. Jonas Rønning gjer ein strålande prestasjon av ein ung, hissig og einsam diktator og kommuniserer godt med publikum og ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Den raude tråden i «Smått e Godt», om det tidspressa samfunnet vi lev i, blir med oss i alle sketsjane, frå korleis det påverkar sexlivet til den moderne prest med gudsteneste på fem minutt.

Allsang ut i natta

Revyen tek det heile opp med eit par sterke musikalske nummer og eit fantastisk band. Bandet er og ansvarleg for det å runde humorkvelden av med allsang ut i dei seine nattetimar.

Sommarrevyen er, naturleg nok, eit par hakk unna Florarevyen, men som lettbeint underhaldning treff den akkurat der den skal.

Høgdepunkta frå revyen "Smått e Godt".

Artikkeltags