Dømd for trugslar og narko

fjordane tingrett
rettsal
lov
dom
domstol

fjordane tingrett rettsal lov dom domstol Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

NAV-kontoret i Førde måtte stenge.

DEL

Ein sunnfjording i tjueåra sto denne veka tiltalt for trugslar mot offentleg tilsette, i tillegg til skadeverk, samt narkotikabruk og -besittelse.

Mannen møtte ikkje opp i retten, men ein kom til at saka likevel kunne gå sin gang.

Det var i vår at mannen i eit møte med rettleiarar frå NAV i Førde vart rasande over at han ikkje fekk dei utbetalingane han meinte han hadde krav på, og heller ikkje eit nytt husvære, slik han ønskte.

Møtet starta i rolige former, forklarte dei to rettleiarane, men tiltalte vart etter kvart meir og meir aggressiv og truga med å sette fyr på husværet sitt. Til sist tok han tak i bordet i møterommet og velta det framover med stor kraft slik at alt som stod oppå gjekk i golvet. Då han forlet rommet, slo han døra så hardt opp at den laga hol i veggen utanfor møterommet.

Politiet vart tilkalla, og NAV-kontoret vart stengt ein periode som følgje av hendinga.

I tillegg vart mannen dømd for bruk og oppbevaring av kjøp og bruk av mindre mengder narkotika, og for å bere kniv på offentleg stad.

Dommarane la under straffeutmålinga vekt på det allmennpreventive hensynet i høve trugslane mot offentleg tilsette, og viste også til at mannen to gongar tidlegare har vorte idømd samfunnsstraff, utan at det har hatt nokon effekt. Til saman har mannen vorte domfelt åtte gongar i perioden 2012-2014, hovudsakleg for narkotika- og vinningskriminalitet.

Straffa vart sett til 30 dagar utan vilkår, som var identisk med aktor sin påstand, med 4 dagar fråtrekk for den tida har har site i varetekt. Han vart ikkje idømd sakskostnader.

Artikkeltags