(Nettavisen)   Bur du i «feil» kommune, kan renovasjonsavgifta koste deg tre gonger så mykje som i ein annan.

Søppel er eit hett tema i mange norske kommuner. Ikkje minst gav konkursen i renovasjonsselskapet RenoNorden ekstra hovudbry til 133 kommunar som måtte finne kriseløysingar.

Prisen på kommunale renovasjonstenester skal reknast ut etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at innbyggarane skal betale det tenesten kostar - verken meir eller mindre. Men kostnadene varierer frå kommune til kommune, og prislista viser stort sprik.

De dyreste og billigste kommunene

I snitt betalte norske hushaldningar 3.410 kroner i renovasjonsgebyr til sin kommune i 2016, inkludert merverdiavgift. I Flora betalte innbyggarane 3986 kroner, mens ein i Bremanger betalte 3514, og i Vågsøy 4228 kroner i året.

I Førde og Naustdal betalte dei 2324 kroner i 2016.

Her er det verdt å nemne at Flora kommune  har kommunal renovasjon, mens Førde, Naustdal , Vågsøy og Bremanger alle hadde avtale med det private, konkursråka renovasjonsselskapet RenoNorden. Kva renovasjonsavgifta i desse kommunane vil bli no, med ny ordning og nye aktørar, er uvisst.

Det interkommunale renovasjonsselskapet i Nordfjord, NoMil, skal ta over søppeltømminga i nordfjordregionen.

LES OGSÅ: NOMIL tek over bosstømminga i Bremanger 

Dyrast var renovasjonsordninga i Tysfjord kommune i Nordland, der husholdningane måtte betale 6.438 kroner.

I fleire kommunar - blant dem Kongsvinger, Os, Sarpsborg, Sør-Fron og Nord-Fron - kjem du unna med ein tredel av den prisen.

Aller billegast er Tjøme kommune i Vestfold, med 999 kroner.

Dei kommunale gebyrene knytta til bolig auka med 2,4 prosent på landsbasis frå januar 2016 til januar 2017, ifølge Statistisk sentralbyrå. I gjennomsnitt betalar ein einebustad litt under 11.200 kroner for vatn, avløp, renovasjon, og feiing og tilsyn knytta til boligen i 2017. (ANB)

Sjekk 2016-tallene for din kommune her:

Avfall og renovasjon, årsgebyr for 2016 etter region. (Kilde: Statistisk sentralbyrå/Statens kartverk)