Slik blir boss-ordninga i Kinn frå nyttår

Frå 1. januar er det NoMil som tar over handteringa av avfall i heile Kinn kommuen

DEL

Frå 01.01.2020 vil renovasjonsselskapet Nomil ta over handteringa av avfall for heile Kinn kommune. Dette inneber nokre endringar for deg som bur i Flora i dag, melder Flora.kommune.no.

Det vert ikkje dei heilt store endringar i renovasjonsordninga. Den største endringa er at restavfallet no berre vil bli henta kvar fjerde veke, mot annankvar veke som i dag.

Men god sortering hos abonnentane vil vere med på å sikre plass til avfallet i dunkane, slår Flora kommune fast.

Tømmekalenderen for Flora-delen av Kinn vil vere klar i veke 50, og vert sendt ut som reklame. Så har du reservert deg mot uadressert reklame i posten, kjem du ikkje til å få tømmekalenderen heller. Men informasjonenog prisar kan du finne på NoMil sine heimesider, eller du kan hente ein kalender på informasjon og service-kontoret på samfunnshuset i Florø. Der kan du også hente avfallsposar, som i dag.

Noko anna som blir nytt, er at NoMil i løpet av 2020 vil innføre ein ny dunk for glas- og metallemballasje. Denne skal etter planen tømmast kvar 10. veke.

Det skal også etablerast ein gjenbruksstasjon i Purkehola, og det vert innført nokre endringar for øyane i regionen. Renovasjonsordninga for øyene er ikkje ferdig planlagt per i dag.

NoMil har også ein eigen mobil-app med tømmeplan, varsling for tømming, opningstider på gjenbruksstasjonane med meir.

Artikkeltags