(Firda)

Det skriv avisa Vårt Land.

Torsdag vart ein kvinneleg student ved Sunnfjord folkehøgskule meldt sakna. Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon med politi, Røde Kors og Norske redningshundar.

Fredag ettermiddag opplyste etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal at leiteaksjonen var avslutta. Politiet hadde då fått opplysningar som kunne tyde på at kvinna hadde reist frå Førde frivillig.

Rektor ved folkehøgskulen, Jon Olav Leira, seier til Vårt Land at skulen fredag fekk meldingar om at kvinna har kome seg til Danmark.

– Vi har ikkje fått bekrefta dette frå kvinna sjølv, men vi har fått høyre via det srilankiske miljøet at ho sannsynlegvis er i Danmark. Vi veit at ho har familie i Tyskland, men veit ikkje om ho forsøker å kome seg dit, seier Leira til avisa.

Kvinna vart sist sett torsdag klokka 20.30. Då skal ho ha blitt observert med ein stor bag og toalettsaker.