Dei har brukt påska til å plukke plast

Geir Reksten stilte med ATV og køyrde lass etter lass til containeren på kaia i Selvåg.

Geir Reksten stilte med ATV og køyrde lass etter lass til containeren på kaia i Selvåg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

På Reksta har dei gjort ein solid innsats med søppelplukking denne veka.

DEL

For eit par små veker sidan tok nokre av kommunen sine folk seg ein tur ut og rydda plast i strandkanten. Det gjorde dei mellom anna for å fortelje at ein kan bestille seg ein container frå Flora kommune, dersom ein vil ta i eit tak og vere med på den store rydde-dugnaden som for tida utspelar seg.

Du kan også levere strandavfall på Fugleskjærkaia.

Det tok dei fluksens tak i på Reksta, og tysdag melde dei at dei har fylt den første containeren.

Påskeaftan gjekk dei i gang med å fylle ein ny container.

Ekstreme mengder plast

Påskeaftan møtte 32 mennesker fram til bossplukkedugnad på Reksta.

Påskeaftan møtte 32 mennesker fram til bossplukkedugnad på Reksta. Foto:

32 personar deltok laurdag, og rydda fjøra i Langevikja på inste enden av Reksta/Selvåg.

- Det var ekstreme mengder med plast, både i fjøra og langt innover land, fortel Anita Øygard.

- Geir Reksten stilte med ATV og køyrde lass etter lass til containeren på kaia i Selvåg. Vi jobba i overkant av tre timar, opplyser Øygard.

Tysdag var dei rundt ti personar i sving med rydding, og dei plukka også søppel onsdag.

Plast og tauverk

Anita Øygard fortalde til Firdaposten tidlegare i veka at dei fann mykje plastflasker og isopor i strandkanten.

- Og det er mykje taurestar, frå mikroskopiske bitar til store taukveilar. Noko av det litt nedgrodd, det har jo har lege ei stund.

Men det er mykje flasker og kanner.

I tillegg finn dei mykje treverk, som vert lagt i dungar, og som skal brennast når det tørkar opp.

- Har de funne noko rart?

- Du finn jo av og til ein einsleg sko og lurar på kor den har komme frå. Og så fann vi ein liten båt. Den vart containermat, for den var noko skadd.

Etter tre timars dugnad var det reint og fint i strandsona.

Etter tre timars dugnad var det reint og fint i strandsona. Foto:

Artikkeltags