Gå til sidens hovedinnhold

Rekordår for hoggorm-førespurnader

Rekordmange har i år ringt inn til Giftinformasjonen om hoggormbit. Hittil er det registrert nær like mange førespurnader som dei to tidlegare åra til saman.

– Det har vore ein sommar med mykje godt vêr, der mange har vore ute i naturen. Det har jo òg vore veldig populært med campingliv og hengjekøye, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Sidan mai har alle månadene vore rekordmånader i talet på førespurnader om hoggormbit. Det er rett nok ikkje slik at kvar einaste førespurnad nødvendigvis representerer eit faktisk hoggormbit.

Hittil i år har Giftinformasjonen fått inn 791 førespurnader, noko som er over 50 prosent fleire enn heile fjoråret – og nesten like mange som både 2019 og 2020 til saman. Pandemien har som kjent ført til lite utanlandsreiser, og dermed ein ekstra stor pågang i norsk natur.

– Auken kan òg komme av at det stadig er fleire som veit at dei kan få god rettleiing hos oss, det veit vi ikkje heilt, seier Tosterud.

Det finst likevel inga konkret oversikt over kor mange som faktisk blir bitne av hoggorm eller blir behandla for bit, ei heller kvar i landet flest tilfelle skjer.

Kan forvekslast med insektbit

Tosterud seier at dei mistenkjer at mange som ringjer inn, berre trur at dei er bitne av hoggorm, medan rettleiarane av og til går ut frå at sannsynet er lite for at det har vore hoggorm på ferde.

– I nokre tilfelle kan det til dømes vere litt rart at folk ikkje har sett ormen om dei er bitne i underarmen, men folk får uansett alltid råd som om dei er bitne, seier ho.

Bitet til hoggormen er ofte to punktforma stikk med 3–9 mm avstand. Enkelte innringjarar beskriv merke der prikkane er mykje lengre frå kvarandre, noko som kan forklarast med at det heller kan vere snakk om eit insektbit, ifølgje Tosterud.

– Enkelte insektstikk kan òg føre til små prikkar, der ein hovnar opp og det blir raudt. Forvekslingsmoglegheitene kan vere ganske store, seier ho.

Mange som ringjer inn, fortel dessutan at dei har søkt på nettet etter hoggormbit for å samanlikne. Men på nettet ligg det mange bilete som ikkje viser typiske hoggormbit-reaksjonar, ifølgje Tosterud.

– Neste år har eg lyst til å spørje folk som er sikre på at dei er bitne, om dei kan sende inn bilete til oss slik at vi kan bruke det for å vise korleis det ser ut.

Treng ikkje vere alvorleg

I sommar vart enkelte situasjonar først ikkje oppfatta som alvorlege fordi dei som ringde inn, hadde fått hevelse utan generell sjukdomskjensle. Hevelsar som utviklar seg raskt og kan bli store, kan vere viktige å behandle med motgift raskt, strekar Tosterud under.

Men skulle ein bli biten, treng ein ikkje nødvendigvis å få panikk. Det er nemleg ikkje sikkert at ein har fått hoggormgift inn i kroppen. I mange av bita er giftmengda minimal, slik at ein får liten eller ingen reaksjon. Desse bita blir kalla tørre bit.

– Det er ikkje mange som treng sjukehusbehandling. Dei fleste får milde symptom, seier Tosterud.

Det er òg veldig avhengig av kvar ein blir biten. Dersom ein blir biten i foten eller armen, kan reaksjonen ofte bli mindre alvorleg enn om ein blir biten i resten av delane av kroppen. Barn, eldre, gravide og folk med underliggjande sjukdommar er dessutan meir utsette. Men hoggormbit får sjeldan dødeleg utfall.

– Nokre blir skikkeleg dårlege ganske raskt, men det er ufatteleg sjeldan at nokon døyr, seier ho.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken