Gå til sidens hovedinnhold

Rekkehus brann ned på Torvmyrane

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Brannmannskapet sleit lenge med å få kontroll på flammane.

Naudetatane rykte onsdag klokka 13.42 ut til melding om brann i eit rekkehus på Torvmyrane i Florø. Brannen byrja i ein av dei midterste bueiningane i rekkehuset, og spreia seg fort til dei kringliggande seksjonane.

Alle bebuarane i området vart evakuert. Ifølge naudetatane på staden er det ikkje folk i rekkehuset som brann, alle er gjort greie for.

Det var lenge vanskeleg for brannmannskapet å få kontroll på brannen, mykje på grunn av dårleg vasstrykk. Ein tankbil frå SAR med rundt 25 kubikkliter vatn kom til og stod i beredskap for å unngå at brannvesenet sine bilar miste trykket.

Klokka 15.50: Ifølge Alarmsentralen byrjar brannmannskapet på staden no å få kontroll på brannen. Det går mot ei kontrollert nedbrenning av det som brenn. Hovudfokus framover blir no å hindre spreiing til omkringliggande bustader.

Les også

– Rekkehus er skumle i slike situasjonar

Les også

Torvmyrane barnehage ligg hundre meter frå brannen - skjerma ungane

Arne Hjorth Johansen

Kommentarer til denne saken