Reiselivet på Vestlandet er ikkje berekraftig, meiner tidlegare reiselivsdirektør

– Altfor lite pengar går til dei lokale reiselivsaktørane, og norsk turisme er i dag ikkje berekraftig nok. Vi har ikkje makta å lage eit levande lokalsamfunn i distrikta heile året, seier Kristian B. Jørgensen. Bildet er frå Loen Skylift i Stryn.

– Altfor lite pengar går til dei lokale reiselivsaktørane, og norsk turisme er i dag ikkje berekraftig nok. Vi har ikkje makta å lage eit levande lokalsamfunn i distrikta heile året, seier Kristian B. Jørgensen. Bildet er frå Loen Skylift i Stryn. Foto:

Av

Tidlegare reiselivsdirektør Kristian B. Jørgensen i Fjord Noreg innrømmer at jakta på mange turistar har gått ut over berekrafta i den lokale turistnæringa.

DEL

– Vi ønskte å gå massivt ut og få flest mogleg til Vestlandet. Vi ofra ikkje mange tankar på kor mange som burde komme og kor berekraftig det var, seier Jørgensen til Bergens Tidende.

Han trekker fram Trolltunga som døme. Der steig besøkstalet frå 1.000 i 2010 til over 90.000 i fjor etter ein internasjonal retta kampanje.

– Vi føresåg det ikkje i det heile. I dag ville vi først valt å lage ein berekraftig plan for reisemålet, så gått ut i verda, seier Jørgensen.

I den nye rolla si som administrerande direktør i Fjord Tours, eit selskap som sel tur- og aktivitetspakkar til norske og utanlandske turistar, ønskjer Jørgensen å utfordre reiselivet på Vestlandet.

Globale reiselivsaktørar som Booking.com, Airbnb og Tripadvisor tek opp til 25 prosent av profitten til det lokale næringslivet, hevdar han.

– Altfor lite pengar går til dei lokale reiselivsaktørane, og norsk turisme er i dag ikkje berekraftig nok. Vi har ikkje makta å lage eit levande lokalsamfunn i distrikta heile året, seier han til avisa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken