«Kjippen» på eksklusiv liste over vinterfestivalar i Europa

Kjippen 2018

Kjippen 2018 Foto:

FLORØ: Fredag publiserte den internasjonale avisa The Guardian ei liste over 10 tradisjonelle vinterfestivalar å besøke i Europa. Og blant dei ti ligg det ein festival i Norge: Kjippen i Florø.

DEL

Den britiske avisa The Guardian publiserte fredag ein reiseguide til 10 tradisjonelle vinterfestivalar å besøke i Europa.

I selskap med den tradisjonelle Sappada-festivalen i Italia, hornblåsing i Nederland, Rauhnacht i Tyskland, Twelfth Nigth i London/UK og St Mikuláš Day i Tsjekkia finn ein Kjippen i Florø.

– Kjippen er eit merkeleg karneval i Florø, den vestlegaste byen i Norge. Det skjer kvar nyttårsaftan, og startar presis ved midnatt. Lokalbefolkningen legg stor innsats i å kle seg ut til paraden, som går langs brusteinsbelagte gater omkransa av tradisjonelle trehus, står det i omtalen.

– Deltakarane deler satiriske kommentarar om aktuelle, lokale saker gjennom kostymer, og forsterkar bodskapa sine med plakatar, gateteater og byggverk. Å bli karikert her er sett på som ein ære, står det vidare.

Tradisjonen går tilbake til 1800-tallets Europa, der handtverkarar i kostymer lagde bråk (kjipp) i gatene for å protestere mot låge lønningar. Kjippen har blitt feira sidan 1900, ifølge reiseguiden.

Innlegget om Kjippen er skriven av Gunnar Garfors frå Naustdal. Garfors er forfattar, globetrottar og skribent, og er kanskje mest kjend for å ha besøkt alle verdas land, og at han tok verdsrekord då han besøkte alle verdsdelane på eit døgn.

Han skriv om reiser mellom andre for The Guardian og Business Insider, og har sin eigen nettstad The Garfors globe.

The Guardian-innlegget vart også delt av ein rekke andre store nyheitssider, mellom andre MSN og Yahoo News India.

Les heile innlegget her: The Guardian: 10 traditional winter festivals in Europe

- Ein av dei finaste byane i Norge

- Då The Guardian spurte om eg visste om utkledningsfestivalar i Norge eg kunne skrive ein omtale om, så var det sjølvsagt velkjende Kjippen eg tenkte på. Til omtalen fekk eg litt innspel frå eit par florøværingar, seier Garfors til Firdaposten.

- Det er jo også den einaste utkledningsfesten eg veit om i Norge, utanom Halloween-arrangement og slikt. Og som sunnfjording synst jo eg det er ekstra kjekt at festivalen ligg i Sunnfjord., legg han til.

- Trur du Kjippen-omtalen faktisk kan få turistar til Florø?

- Viss det kjem turistar til ein av dei finaste byane i Norge som følger av dette, så er det veldig kjekt. Det er jo ikkje nokon stor artikkel, men det kan godt vere at folk bit seg merke i Florø på grunn av den. Om dei faktisk reiser for å sjå på Kjippen veit eg ikkje, men det kan føre til at dei søker på meir informasjon om Florø, og at dei kjem dit ein annan gong. Det er jo ein utruleg fin plass, seier Garfors.


Artikkeltags