Svak krone- sterkare optimisme i reiselivet

Artikkelen er over 2 år gammel

I reiselivsnæringa håpar mange på at den svake krona skal føre mange turistar til nærområdet vårt i sommar og haust.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Reiseliv, varehandel og privat tenesteyting i Sogn og Fjordane er prega av aukande forventingar. Dette er i tråd med det seinaste forventingsbarometeret frå Finans Norge og TNS Gallup, som viser at nordmenn sine forventingar til eigen økonomi framleis ligg på eit høgt nivå.

Det nye Næringsbarometeret for mai 2015 for Sogn og Fjordane vert presentert på Næringsdagane i Scandic Sunnfjord Hotel i Førde den 20.mai.

Utviklinga i reiselivet er kan hende det mest positive i dette barometeret. Næringa er prega av optimisme framfor årets sommarsesong, og forventingane stig kraftig frå i fjor.

26 prosent av reiselivsverksemdene ventar at framleis låg kronekurs vil påverke lønsemda positivt. For det store fleirtalet, 68 prosent, vil kronekursen likevel ha lite å seie for lønsemda.

Samla fall i forventingane

Næringsbarometeret for mai viser derimot at forventingane i næringslivet i fylket samla sett er fallande.

Industri, transport og engros og finansiell og forretningsmessig tenesteyting viser kraftig nedgang. Størst nedgang finn vi innanfor tenesteyting, med omtrent like stor nedgang i dei to undergruppene. Også innanfor bygg og anlegg held nedgangen fram.

Svakare vekst, fallande oljeprisar og lågare aktivitetsnivå har vore gjennomgangstema i den norske offentlege samtalen det siste halvåret. At også næringslivet i Sogn og Fjordane lét seg påverke er ikkje overraskande. Det er også naturleg at det er industrien og typiske leverandørnæringar som tenesteyting og transport som blir mest påverka. Sjølv om Sogn og Fjordane er langt mindre oljeavhengig enn Hordaland, gir nedgangen i oljesektoren direkte og indirekte ringverknader også her i fylket.

Eksport-optimisme

Fleire verksemder i fylket dreg dessutan fordelar av den svekka kronekursen. Over halvparten av dei mest eksportretta verksemdene (meir enn 25 prosent av omsetnaden) ventar at framleis låg kronekurs vil verke positivt på lønsemda i bedrifta. Næringsbarometeret viser også at stemninga er langt meir positiv blant eksportverksemdene enn i resten av næringslivet, og forventingane aukar samanlikna med i fjor.

Artikkeltags