Det har vore stor pågang av kundar hos Tryg Forsikring etter at 900 pilotar i SAS blir tatt ut i streik.

Det vil råke 45.000 passasjerar dagleg.

– Dei fleste lurer på kva reiseforsikringa dekker, og det enkle svaret er at den ikkje gjeld ved streik, og at reisande må ta saka opp med flyselskapet direkte, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Forsikringa dekkar ikkje forseinking eller kansellert reise som følgje av kø, bemanningsproblem eller streik. Men den reisande kan ha rett på erstating frå flyselskapet.

– Det er SAS som er ansvarleg dersom reisa blir kansellert på grunn av streik. Dersom du ikkje har fått melding om at flyet er kansellert, så må du rekne med at flyet går som planlagt og møte opp på flyplassen i god tid, seier kommuinikasjonsrådgjevar Brandeggen.