Reiarlag møter staten i rettssak om omstridt fiskefartøy

Rettssaka om slaktebåten Norwegian Gannet startar i Bergen tingrett måndag. Reiarlaget Hav Line har saksøkt staten. To tidlegare fiskeriministrar er vitne.

DEL

Nærings- og fiskeridepartementet meiner at drifta av Norwegian Gannet er i strid med det gjeldande regelverket, medan reiarlaget meiner dei har hatt alle løyve på plass, skriv E24.

Bakgrunnen for søksmålet er at slakteskipet Norwegian Gannet frå sommaren av ikkje lenger får drive med ein dispensasjon som gjer at dei kan ta all fisken til Danmark, sortere der og ta eventuell prodfisk med tilbake til Noreg for feilretting her.

Prodfisk er, i motsetnad til superior, den dårlegaste laksefisken og kan ikkje eksporterast ut av EØS. Typiske teikn for denne kan vere kjønnsmodning, sår, misdanningar eller «grove behandlingsfeil».

Saka har vore til behandling fleire gonger i departement og statsråd, og Norwegian Gannet hatt ein mellombels dispensasjon frå regelverket, som altså ikkje har vorte forlengd.

To tidlegare fiskeriministrar skal vitne i saka: Per Sandberg (Frp) og Harald Tom Nesvik (Frp). Begge er kalla inn av reiarlaget. Nesvik òg av staten.

(©NPK)

Artikkeltags