Ber om krisemøte med Venstre-leiinga

Jan henrik Nygård ber om krisemøte med Venstre-leiinga og partileiar Trine Skei Grande.

Jan henrik Nygård ber om krisemøte med Venstre-leiinga og partileiar Trine Skei Grande.

Artikkelen er over 5 år gammel

- Regionen vår er "under angrep" på brei front frå regjeringa, og vi ønskjer sterkt eit felles møte med partileiinga i Venstre.

DEL

Venstre-politikarar i fylket er så uroa for framtida til fylket at dei ber om møte med partilleiinga sentralt.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo, varaordførar i Flora Jan Henrik Nygård og varaordførar i Førde Jan Taule har sendt ei felles uro-melding til stortingsgruppa og partileiar Trine Skei Grande.

- Førde, Florø og Eid er den største, nest største og sjette største kommunen i Sogn og Fjordane - og er dei tre kommunene med størst folketalsvekst i fylket. I desse tre kommunene har Venstre ordførar (Eid) eller varaordførar (Florø og Førde).

- Årsaka til at vi no går saman om dette brevet, er at vi opplever ei djup uro over dei mange, tilsynelatande ukoordinerte prosessane som for tida er på gang frå H/Frp-regjeringa og statlege etatar med nedbygging av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø, skriv Venstre-politikarane.

Mange prosessar

Dei listar opp prosessane som er på gang i Sogn og Fjordane:

- Politiet (nedlegging og flytting til Bergen - råkar Florø)

- Alarmsentral (mulig nedlegging og flytting til Bergen - råkar Florø)

- AMK-sentral (mulig nedlegging og flytting til Bergen - råkar Førde)

- Skattekontor (varsla nedlegging og sentralisering - råkar Eid/Florø)

- Fiskeridirektoratet (mulig nedlegging og flytting til Bergen - råkar Måløy/Nordfjord)

- Forsvarsanlegg (sal og nedlegging av forsvarsanlegga i fylket - råkar Eid/Førde), 

- Nedlegging av flyplassar (råkar Førde og Nordfjord)

- Høgskule (råkar Førde/Sogndal)

- Jordskifterett (råkar Eid/Sogndal)

- Lensmannskontor (Eid foreslått nedlagt i NOU-en om framtidas politistruktur)

Vil ha kommunereform

- Å lage ei tilsvarande liste over statlege reformer/omstruktureringar regjeringa har tatt initiativ til som går motsett veg for Sogn og Fjordane er lett: Det er ingen, etter det vi er kjent med, påpeikar dei tre.

Dei understrekar at dei støttar ein kommune- og regionreform som skal bygge større og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar.

- Men då er det ein viktig del av heilskapen at ein samtidig tar aktive grep frå staten si side med å styrke dei nye, større bu- og arbeidsmarknadsregionane med mellon anna utflytting/retta lokalisering av statlege arbeidsplassar, påpeikar dei.

Dei meiner det er mildt sagt vanskeleg å sjå nokon samla tanke frå staten si side angåande utviklinga av fylket.

- Mens til dømes Oslo dei siste åtte åra (under den raudgrøne regjeringa) har fått tilført over 7.000 nye statlege arbeidsplassar, har talet på statlege arbeidsplassar i Nordfjord gått ned med 10 prosent. Sunnfjord har samla sett hatt nullvekst - med nedgang i Florø. Med reformane H/Frp-regjeringa no planlegg, vil desse tala bli endå verre dersom det ikkje blir synt politisk leiarskap og vilje, seier dei. 

Under angrep

- For oss som ordførar og varaordførarar frå Venstre i regionar som er "under angrep" på brei front frå H/Frp-regjeringa, ønskjer vi sterkt å få til eit felles møte med partileiinga i Venstre. Vi vil formidle alvoret i situasjonen for våre regionar, og ikkje minst vil vi diskutere kva konkrete, raske grep Venstre kan bidra til nasjonalt for å sikre at ikkje utviklinga i Sunnfjord og Nordfjord raknar som følgje av ukoordinert statleg sentralisering i ulike sektorar, utan ein heilskapleg tanke om regional utvikling, skriv Nygård, Bjørlo og Taule.

- Vi trur potensialet for næringsutvikling og vekst i våre regionar er svært stort - men då må staten bli ein medspelar som bidreg til å spele oss gode, ikkje det motsette, avsluttar dei.

Artikkeltags