Her er den nye regjeringa

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire media har allereie presentert det dei meiner er Erna Solberg si nye regjering. Sveinung Rotevatn får truleg ny jobb.

DEL

Den nye regjeringa skal presenterast onsdag.

I følgje VG, NRK og fleire andre blir Venstre-statsrådane Ola Elvestuen, Trine Skei Grande og Iselin Nybø. I tillegg kjem Nikolai Astrup frå Høgre inn, og Åse Michaelsen frå Frp.

Slik blir truleg regjeringa:

  • Trine Skei Grande (V) blir kulturminister (Ny)
  • Ola Elvestuen (V) blir klima- og miljøminister (Ny)
  • Iselin Nybø (V) blir statsråd for forskning- og høyere utdanning (Ny i regjeringa, ny ministerpost)
  • Nikolai Astrup (H) blir bistandsminister i Utenriksdepartementet (Ny i regjeringa, ny ministerpost)
  • Åse Michaelsen (Frp) blir statsråd for eldre-saker i Helsedepartementet (Ny i regjeringa, ny ministerpost)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H) blir næringsminister (Ny rolle)
  • Jan Tore Sanner (H) blir kunnskaps- og integreringsminister  (Ny rolle)
  • Sylvi Listhaug (Frp) blir justis- og innvandringsminister (Ny rolle)
  • Monica Mæland (H) blir kommunalminister (Ny rolle)
  • Linda Hofstad Helleland (H) blir barne- og likestillingsminister (Ny rolle)

Erna Solberg, Siv Jensen, Ine Marie Eriksen Søreide, Bent Høie, Anniken Hauglie, Ketil Solvik-Olsen, Jon Georg Dale (Frp), Per Sandberg, Terje Søviknes og Frank Bakke-Jensen held fram i sine ministerpostar.

I forhandlingane vart det hevda at Venstre ville kreve at Sylvi Listhaug gjekk ut av regjeringa. I staden får ho større ansvar. Ho overtar Per-Willy Amundsens ansvar for politi, rettsvesen og beredskap, i tillegg til å framleis ha ansvar for innvandring. Integrering blir flytta til Kunnskapsdepartementet.

Ifølgje NRK blir Sveinung Rotevatn ny statssekretær for Sylvi Listhaug.

Sveinung Rotevatn, her under Arbeids- og sosialkomiteen sitt besøk i Florø i mars 2017.

Sveinung Rotevatn, her under Arbeids- og sosialkomiteen sitt besøk i Florø i mars 2017. Foto:

Artikkeltags