Her er den nye regjeringa

Fredag vart den nye regjeringa presentert på slottsplassen.

DEL

Erna Solbergs nye regjering vart fredag presentert på Slottsplassen.

Heile Solbergs nye regjering kom ut på Slottsplassen like før klokka 11.30 fredag, til stor jubel frå dei frammøtte. Blant dei nye ansikta er Venstres Abid Raja, KrFs Knut Arild Hareide og Høgres Tina Bru.

– Som de ser, har kongen utnemnt nye statsrådar. Dei politiske kommentarane får vi ta seinare, sa statsminister Erna Solberg (H).

Det var eit stort oppmøte på Slottsplassen. Mellom 200 og 300 menneske kosa seg i sola, medan dei venta på det nye mannskapet.

Då statsrådane var presenterte, delte fleire av dei frammøtte tradisjon tru ut blomstrar. Den nye kulturministeren, Venstres Abid Raja, og den nye samferdselsministeren, KrFs Knut Arild Hareide, var blant dei som fekk flest blomstrar. Begge sleit med å bere alle bukettane.

Partileiar Siv Jensen og resten av Frp-politikarane gjekk ut bakvegen på Slottet i forkant av presentasjonen.

Det same gjorde Venstres Ola Elvestuen, som blir erstatta som klima- og miljøminister av partifelle Sveinung Rotevatn. Også Høgres Anniken Hauglie (H) gjekk ut bakvegen. Torbjørn Røe Isaksen (H) tar over posten hennar som arbeids- og sosialminister.

Seinare fredag er det duka for nøkkeloverrekkingar i dei ulike departementa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken