Regjeringa vil ta meir omsyn til naboar i vindkraftsaker

Smøla Vindpark

Smøla Vindpark Foto:

Regjeringa varslar at det vil bli lagt meir vekt på kva naboane meiner i nye vindkraftsaker, heiter det i ei ny stortingsmelding.

DEL

Mellom anna ønskjer styresmaktene å endre minsteavstanden til busetnad. Avstanden skal vere fire gonger turbinhøgda eller minimum 800 meter.

Dessutan skal støy dokumenterast grundig.

– Ei styrkt lokal forankring der kommunane får ei større rolle i konsesjonsbehandlinga, er viktig framover, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) i ei pressemelding.

Bakteppet for stortingsmeldinga er at NVE-forslaget til ei nasjonal ramme for vindkraft på land vart stansa i fjor haust. Regjeringa ønskjer ikkje å gå vidare med dei utpeika områda. Kunnskapsgrunnlaget frå den rapporten skal derimot brukast i konsesjonsbehandling av nye søknader.

- Blir færre utbyggingar

Bru seier at det no blir historiske forbetringar og innstrammingar, og at det vil bli færre vindkraftutbyggingar framover.

- Vi må lære av erfaringane vi har gjort oss. Vi skal styrke krava til miljøutgreiingar, slik at landskap og natur vert vektlagt meir. Eg meiner framleis det skal vere rom for vidare utbygging, men vi må ta ned utbyggingstakta, seier Bru.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) understrekar kor viktig det er med ein balanse mellom tilgang på fornybar kraft og miljøomsyn.

– Det er viktig for både klima og naturmangfald at vi tek vare på økosystema våre. Derfor endrar og strammar vi no inn konsesjonsbehandlinga for vindkraft på land og legg større vekt på natur, landskap, friluftsliv og kulturmiljø, seier Rotevatn.

Det vert mellom anna lagt opp til regionvis handsaming av konsesjonar, slik at ein betre kan vurdere den samla belastninga på miljø og samfunn. Fleire prosjekt kan også få avslag tidlegare i prosessen, dersom ein ser at utbygginga kan føre til store konfliktar.

Forventar debatt

Bakteppet for stortingsmeldinga er rabalderet etter at NVE la fram eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land i fjor. Forslaget vart stansa, men kunnskapsgrunnlaget vil likevel vere viktig i konsesjonsbehandlinga av nye søknader, heiter det i meldinga.

Meldinga vart lagt fram same dag som Stortinget behandla eit hasteforslag om at alle tidlegare gitte konsesjonar må gjennomgåast på nytt for å sjå om dei strid mot energilova.

Bru ventar debatt når Stortinget behandlar meldinga, antakeleg til hausten. Særleg strid kan det bli om at vindkraftkonsesjonar framleis skal behandlast innunder energilova og ikkje under plan- og bygningslova, slik mellom anna Frp har kravd. Det ville gitt kommunane makt til å gjere dei endelege vedtaka.

– Vi meiner at kraftutbygging er eit nasjonalt ansvar. Vindkraft er viktig for Noreg, seier Bru.

Bråk har gjort inntrykk

Men bråka rundt ei rekkje større vindkraftprosjekt har gjort inntrykk, erkjenner statsråden.

– Éin ting er at folk har følt seg trua når dei går på jobb. Sånn kan vi ikkje ha det. Men det gjer òg inntrykk at folk står føre meg og græt fordi det skal byggjast vindkraftverk i område som dei er glade i, seier ho.

– Trur du desse nye reglane vil bidra til å dempe gemytta?

– Eg håpar det, seier Bru.

Regjeringen varsler innstramminger i regelverket for utbygging av vindkraft. Her 
olje- og energiminister Tina Bru (H). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Regjeringen varsler innstramminger i regelverket for utbygging av vindkraft. Her olje- og energiminister Tina Bru (H). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK Foto:

Saknar lokal kompensasjon

Bellona meiner regjeringa må gi klarare beskjed om kva kommunane økonomisk sett får ut av dei nye konsesjonsreglane.

– Med strengare tidsfristar, makshøgder og mindre rom for endring i utbyggingsplanar vil spørsmålet bli kor mange nye prosjekt som faktisk vil bli vedtekne, seier fagsjef Christian Eriksen i Bellona.

Han meiner vindkraft på land er ei viktig og lønnsam løysing for å erstatte fossile brensel. Men kommunane må få betre vilkår.

– Innbyggjarar i vindkraftkommunar har så langt ikkje vorte tilgodesett nok, og vi skulle gjerne sett at vurderingane av dette forholdet ikkje vart skove ut i tid.

Frp: – Held ikkje å invitere kommunane på seminar

Frp er nøgde med at regjeringa tek innover seg det høge konfliktnivået i vindkraftsaker. Dei saknar derimot meir makt til kommunane.

– For Frp held det ikkje å invitere kommunane på seminar, vi ønskjer lokal medråderett ved å gi kommunane reell avgjerdsstyresmakt, seier Frps energipolitikar Terje Halleland i ei fråsegn til NTB.

Frp ønskjer mellom anna at regelverket blir flytta frå energilova til plan- og bygningslova.

– For Frp har det heile tida vore avgjerande at alle vindkraftprosjekt byggjer på lokal aksept. Vi kan ikkje ha det slik at styresmaktene køyrer over lokalsamfunna i desse spørsmåla.

(©NPK)

Artikkeltags