Regjeringas kyststrategi skal skape fleire framtidsretta og grøne arbeidsplassar langs kysten ved å foreine havpolitikk med kystpolitikk.

Måndag var Erna Solberg (H) i Bø i Telemark saman med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Helleland (H) for å legge fram dei tre distriktspolitiske strategiane til regjeringa: fjell og innland , småbyar og kysten.

Ressursar og arbeidsplassar ved kysten

I kyststrategien står det at Noreg er ein leiande hav- og kystnasjon, som gjennom framveksten av næringar som havvind, sjømat og nye biologiske ressursar til mat og medisinar, vil halde fram å bety mykje for Noreg i framtida.

I ei pressemelding seier Linda Helleland at regjeringa vil legge til rette for fleire framtidsretta arbeidsplassar basert på rike ressursar ved kysten og i havet.

– Vi skal vidareutvikle etablerte næringar som havbruk og fiskeri, sjømatindustri, maritim næring, reiseliv og petroleum. Samstundes skal vi utnytte moglegheitene som ligg i næringar som havvind, hydrogen, havbunnsmineral, C02 lagring og ny biomarine ressursar og bioteknologi.

Utfordringar

Havet og kysten er også sentrale for to av Noregs største framtidsutfordringar: Å nå klimamåla og utvikle nye grøne jobbar, står det i pressemeldinga.

Helleland seier ressursane til havs kan utvikle leverandørindustrien og skape nye arbeidsplassar innan næring som hydrogen, havvind og havbruk til havs.

– Vi har fantastisk kompetanse frå petroleum å byggje vidare på. Samstundes vil vi vidareutvikle det kystbaserte reiselivet i ein meir lønsam og berekraftig retning, og skape fleire heilårige arbeidsplassar i reiselivsnæringa, seier Helleland i pressemeldinga.

(©NPK)