Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa vil hente ut barnefamiliar frå Moria-leiren

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa set i verk avgjerda om å hente ut barnefamiliar frå Moria-leiren i Hellas, stadfestar næringsminister Iselin Nybø (V).

– Vi set no i verk avgjerda til regjeringa om uthenting av sårbare familiar med barn frå Moria-leiren. Med tanke på den dramatiske situasjonen som no har oppstått, er det endå meir påtrengande at Noreg tek sin del av ansvaret for å avhjelpe situasjonen, seier Nybø til NTB.

Ho understrekar at regjeringa lenge har vore tydelege på at Noreg bør ta eit ansvar for Moria-flyktningane som ein del av eit felleseuropeisk ansvar.

50 asylsøkjarar

Regjeringa set i gang med å hente ut barnefamiliar frå Hellas etter brannen i Moria-leiren. 50 asylsøkjarar skal hentast, stadfestar statsminister Erna Solberg (H).

– VI set i gang no, seier Solberg.

– Det avklarte vi i dag tidleg etter at vi såg bileta, seier ho vidare.

Natt til onsdag stod asylleiren Moria på øya Lesvos i brann. Fleire tusen har vorte evakuerte frå leiren, som var sett i karantene på grunn av koronasmitte.

Ifølgje statsministeren har det lenge vore klart kor mange asylsøkjarar frå Hellas som Noreg vil hente ut.

– Instruksen for dette har lege klar for å sendast i det vi såg rørsle i andre land, seier Solberg.

Etter forhandlingar i mai vart regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF samde om at Noreg skal hente asylsøkjarar frå Hellas, føresett at 8–10 andre land gjer det same. Så langt har sju andre land henta.

– Kaotisk situasjon

Statsministeren seier regjeringa ønskjer å setje i gang no, trass i at minstekravet ikkje er innfridd.

– Vi har sagt at no bør vi setje i gang, på grunn av den situasjonen som er no, sjølv om vi manglar det siste landet for minsteterskelen vi sette, seier Solberg.

– I den situasjonen og det kaoset som er no, så er det greitt at vi berre kjem i gang, legg ho til.

Brann natt til onsdag

Det brann kraftig i asylleiren Moria på den greske øya Lesvos natt til onsdag. Folk vart evakuert frå leiren, som i helga vart sett i koronakarantene.

Generalsekretær Birgitte Lange i Redd barna krev at Noreg no tek sin del av ansvaret og hentar barn frå Moria-leiren i Hellas.

Lange er svært bekymra for barna etter nyheita om brannen i Moria.

– No har barna og familiane deira meir akutt behov enn nokon gong for ein trygg stad å vere. Alle land må trå til. Noreg kan ikkje vente lenger med å ta sin del av ansvaret og hente nokre av barna til Noreg, seier ho.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken