Elevar som har fråvær på grunn av helsa si, skal sleppe å gå til fastlegen sin for å dokumentere fråværet, foreslår Kunnskapsdepartementet.

Målet er at elevar med milde symptom på luftvegsinfeksjon ikkje skal presse seg til å gå på skolen, difor føreslår regjeringa ei mellombels regelendring.

Folkehelseinstituttet anbefalte nyleg at vi må sjå på endringar i reglane om fråværsgrensa på grunn av utfordringa med auka smittespreiing.

– No er det viktig at elevar som har symptom held seg heime, så dei ikkje spreier smitte. Det same gjeld for elevar som har blir utsett for smitte og difor skal vere i karantene. Difor foreslår vi å endre fråværsreglane ei periode, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Forslaget går ut på at elevar i vidaregåande skole som har fråvær grunna helsa si, kan bruke eigenmelding. Dei som er yngre enn 18 år må få stadfesting frå dei føresette. Endringane vil også gjelde for føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskole og vidaregåande skole.

Etter forslaget skal endringane i første omgang gjelde ut oktober, forklarer Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.