Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa utset endå ein gong trinn 4 av gjenopninga

(Firda)

Regjeringa følgjer råda frå Helsedirektoratet og utset trinn 4 av gjenopninga fram til delen fullvaksinerte er vesentleg høgare enn i dag.

Det kunngjorde statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse torsdag.

I tilrådinga til regjeringa, som Helsedirektoratet leverte onsdag denne veka, står det at gjennomføring av trinn fire på noverande tidspunkt truleg vil medføre auka smittespreiing.

Helsedirektoratet skriv at den overordna målsetjinga no er å avgrense smittespreiinga og halde sjukdomsbyrda låg inntil 90 prosent av befolkninga som er 18 år og eldre, er vaksinert med to dosar.

– Det er ein ambisjon at dette er gjennomført innan fire til seks veker, skriv dei.

Onsdag var 71,9 prosent av befolkninga over 18 år fullvaksinert.

Trinn 4, som no blir utsett, inneber mellom anna at tilrådinga om eit maksimalt tal gjester i heimen blir oppheva, at innsleppsstoppen ved midnatt og krav om bordservering på skjenkestader blir oppheva.

Helsedirektoratet trekkjer òg fram at Folkehelseinstituttets vekevise modellering antydar at talet på smitta og koronapasientar på sjukehus kan halde fram med å auke dei neste to–tre vekene.

Kommentarer til denne saken