– Dette håpar eg kan vere med på å styrkje den seriøse delen av turistfiskenæringa, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

I tillegg til den nye regelen om registrerte verksemder, blir det ei kraftig innstramming når det gjeld kor ofte ein kan føre fisk ut av landet. Der ein no kan ta med seg fangsten sin ut av Noreg éin gong i veka, blir det no berre høve til det to gonger i året. Utførselskvoten vert senka frå 20 til 18 kilo filet.

Det nye regelverket fører òg til ei mindre innstramming når det gjeld kor mykje fisk ein kan ta med seg og strengare krav til fangstrapportering for turistfiskeverksemdene.

– Vi vil òg sjå vidare på spørsmålet om det kan vere mogleg å setje ein dagskvote eller andre former for regulering av aktivitetsnivået, i dialog med bedriftene, seier Ingebrigtsen.

I løpet av 20201 skal det også innførast krav om digital fangsrapportering, og det vert lagt opp til strengare praktisering av regelverket og strengare reaksjonar.

(©NPK)