– Vi strammar mellombels inn for cruisetrafikken for å stanse koronasmitte. Bakgrunnen er situasjonen på Hurtigruten, sa Høie på pressekonferansen.

Han seier at styresmaktene vil hindre skip som har fleire enn til saman 100 personar om bord, i å leggje til i norske hamner og sleppe passasjerar og mannskap i land.

– Vi må ta dei desse nødvendige grepa for å stanse smittespreiing i Noreg. Vi gjer dette no medan vi undersøkjer kva som svikta under utbrotet på Hurtigruten, sa Høie.

Han sa regjeringa ser på behov for endringar i gjeldande regelverk.

Avgrensingane gjeld i fjorten dagar, ifølgje Høie. Dei omfattar ikkje annan skipstrafikk og ferjedrift