Då statsbudsjettet vart lagt fram i starten av oktober var eit samla næringsliv på kysten svært skuffa. Det låg ikkje inne ei krone i oppstartsmidlar til Stad skipstunnel på neste års budsjett.

I etterkant av det har fleire opposisjonsparti krevd pengar til prosjektet. Senterpartiet vil løyve 20 millionar i 2020, mens Ap vil løyve sju millionar til neste år.

No kjem Venstre med nyheita om at ein likevel har fått inn nokre millionar til skipstunnelen i regjeringa sitt statsbudsjett.

- Venstre i Sogn og Fjordane og Vestland er særs nøgde med at vi har blitt lytta til, og at våre folk på Stortinget har fått på plass fem millionar kroner for å sikre framdrifta i arbeidet med Stad skipstunnel.

Det seier Jan Henrik Nygård, Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre og Gunhild Berge Stang, gruppeleiar for Venstre i Vestland fylkesting i ein kommentar til meldinga om pengarpå statsbudsjettet for 2020 til Stad Skipstunnel.

- Vestlandet har no tatt leiartrøya ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, innanfor ny grøn sjøtransport. Å få bygd Stad Skipstunnel er avgjerande for å gjere sjøtransport både av personar og gods trygt, stabilt og raskt i framtida. Når Venstre og regjeringspartia no har sikra midlar til vidare planlegging på statsbudsjettet i 2020, har vi klare forventingar om byggestart av Stad Skipstunnel i 2021 seier Venstre sine fylkestoppar iei pressemelding

Stad Skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innafor sjøtransport i Nasjonal Transportplan. Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og 36 meter brei. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2,7 milliardar kroner og er fullfinansiert i Nasjonal transportplan med føresett byggestart seinast i 2021.