Regjeringa sikrar eit minimumsnivå av flytilbod i Florø

SIKRAR TRAFIKK: Regjeringa sikrar minst 24 rundturar Oslo-Florø og Bergen-Florø per veke.

SIKRAR TRAFIKK: Regjeringa sikrar minst 24 rundturar Oslo-Florø og Bergen-Florø per veke. Foto:

OSLO: Regjeringa sikrar 24 rundturar i veka til og frå Florø.

DEL

– Fly er ein viktig del av transporttilbodet i et langstrakt land som Norge. Eg er veldig glad for at vi så raskt har fått på plass eit grunnleggjande tilbod for befolkninga, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Som følge av virusutbrotet har etterspurnaden etter personreiser med fly gått kraftig ned, og det kommersielle grunnlaget for ein stor del av norsk personflytrafikk har falt bort.

Derfor har Samferdselsdepartementet, etter forhandlingar med NHO Luftfart, Widerøe, SAS og Norwegian, inngått avtalar med dei tre flyselskapa om eit grunnleggjande tilbod av flytransport mellom regionane og enkelte lokale ruter.

– Velfungerande flyruter er viktig for næringslivet og fleire samfunnsfunksjonar, som eksempelvis helse- og pasienttransport. Avtalene vi nå har inngått gir et minimumstilbod for strekningar som det sjåast som samfunnskritisk å halde oppe, og der det mellombels ikkje er grunnlag for kommersiell drift, seier Hareide.

Fordi det er krevjande å gi gode prognosar for utviklinga i persontransporten framover, vil avtalene bli inngåtte for ein månad av gangen. Det nye minimumstilbodet har oppstart 25. mars.

I Florø gjeld det rutene mellom Oslo og Florø og Bergen og Florø. Der er minimumsnivået to rundtturar kvar dag, seks dagar i veka. I løpet av ei veke er minimumsnivået 24 rundturar.

Artikkeltags