Regjeringa foreslår målretta, mellombelse endringar i skattesystemet for olje- og gassnæringa, slik at planlagde prosjekt kan bli realiserte.

– Forslaga vi varslar vil gjere to ting på ein gong: Ta vare på arbeidsplassar i dag, men det legger også til rette for den grøne omstillinga vi skal ha gjennom framtiden, sa statsministeren på ein pressekonferanse torsdag.

Regjeringa føreslår ein grøn omstillingspakke, ifølgje statsminister Erna Solberg (H).

– For å bidra til å skape aktivitet og sikre arbeidsplassar i ei vanskeleg tid foreslår vi nokre mellombelse endringar. I praksis vil dette innebere at skatterekninga kjem seinare. Det betrar likviditeten i selskapa. Det gir selskapa moglegheit til å gjennomføre fleire investeringar, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Likviditetseffekten av skatteendringane kan tyde 100 milliardar kroner knytt til investeringar i 2020 og 2021. Verknaden framover vil avhenge av korleis investeringane i selskapa utviklar seg.

Virusutbrotet og dei strenge smitteverntiltaka, både i Noreg og internasjonalt, har ramma verdsøkonomien hardt. Oljemarknaden er prega av kraftig prisfall og stor uro.