Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa: Maks ti gjester i jula

... og den velkjende meteren vert gjeninnført.

Regjeringa strammar no inn og kjem med klare råd for å møte den raskt aukande koronasmitten i det norske samfunnet.

Under kveldens pressekonferanse slo statsminister Jonas Gahr Støre fast at den velkjende meteren vert gjeninnført. Og kan ein ikkje halde denne avstanden, er det påbode med munnbind.

- Vi gjer grep for å unngå ei nedstenging av samfunnet, samtidig som vi prøver å skjerme dei yngste, seier Støre.

Mange har venta på klare råd om jula og førjulstida frå regjeringa, og dei ser slik ut:

- Maks ti gjester, i tillegg til dei som bur i husstanden, bør samlast i jula. Samtidig opnar ein for å kunne samle inntil 20 gjester èin gong i løpet av jula, dersom kravet om ein meters avstand kan haldast.

- Øvre grense på offentlege arrangement er sett til 50 personar, så sant ein ikkje har faste, tilviste plassar.

- Dei som har høve til å jobbe heimefrå, bør gjere det.

- Men viktigast av alt: Vaksinér deg. Vaksinen hindrar kanskje ikkje smittespreiing, men den beskyttar mot alvorleg sjukdom. Og det må til om ikkje sjukehusa og dei kommunale helsetenestene våre skal bli overbelasta, sa Støre.

Regjeringa tilrår også at om ein skal treffe andre og vere sosiale, så bør ein så langt det let seg gjere, samlast utandørs.

- Å trene ute er også eit godt alternativ. Skal ein trene inne, er det no sett eit tak på maks 20 personar, sa Støre.

For skuleborn gjeld andre reglar. Her vil ein framleis kunne samlast, så framt det er klassar eller kohortar.

- Eg vil også kome med ei oppmoding til norske kommunar, om å vere førebudde på at skulane på eit tidspunkt kan måtte gå til gul beredskap. Og studentar ved universitet og høgskular må bu seg på meir fjernundervisning, seier statsministeren.

Dei nye tiltaka trer i kraft ved midnatt, natt til torsdag og skal vare dei neste fire vekene.

Kommentarer til denne saken