Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa innfører fleire tiltak for å forseinke spreiinga av omikronvarianten i Noreg

Regjeringa forlengjer isolasjonstida for dei som testar positivt og ein trur er smitta av omikron-varianten. I tillegg blir det innført fleire tiltak.

Det opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Dei nye tiltaka er:

* Isolasjonstida blir forlengd til sju dagar for dei som testar positivt og som det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron.

* Det blir pålagd smittekarantene i ti dagar for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære personar det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron. Desse har krav om PCR-test så snart som mogleg og dag sju før avslutning av karantene.

* Det blir innført testplikt for andre nærkontaktar. Dei skal testast med PCR-test så snart som mogleg og mellom dag tre og sju etter nærkontakten, og ein skal om mogleg unngå nærkontakt med andre personar fram til første test er negativ.

* Alle tiltaka gjeld uansett vaksinasjonsstatus.

* Pliktene stansar dersom det seinare blir stadfesta at smitten ikkje kjem av virusvarianten omikron.

Kommentarer til denne saken