Regjeringa: Grøne prosjekt skal dra Noreg ut av koronakrisa

Næringsminister Iselin Nybø (V)  på  pressekonferanse om covid 19.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Næringsminister Iselin Nybø (V) på pressekonferanse om covid 19. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Foto:

Av

Regjeringa foreslår å løyve 3,6 milliardar kroner til ulike tiltak som skal skape «ei grøn framtid» og føre Norge ut av koronakrisa.

DEL

– Når vi no set fart att i norsk økonomi, må det skje samtidig som vi stimulerer til grøn vekst, som får utsleppa ned og som sikrar grøne arbeidsplassar. Vi må bruke moglegheita som denne restarten av samfunnet gir til å førebu oss på morgondagens arbeidsliv – og framtidas samfunnsliv, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

– Saman med tiltaka vi foreslo i revidert nasjonalbudsjett, aukar vi satsinga på grøn vekst og omstilling med 4,5 milliardar kroner. Det er ei enorm satsing på område som er viktige for Venstre, seier ho.

Regjeringa foreslår ein milliard kroner i perioden 2020 til 2022 til grøn fornying av næringslivet. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva skal administrere ordninga.

– Alle grøne prosjekt innanfor forsking og innovasjon, frå heilt grunnleggjande forsking og fram til løysingar som skal presenterast for marknaden, kan søkje om stønad, seier næringsminister Nybø.

Regjeringa foreslår mellom anna å løyve 75 millionar kroner til Noregs forskingsråd for å styrkje arbeidet med lågutsleppsforsking. Vidare blir det foreslått å løyve 100 millionar kroner til tiltak som skal fremje ein meir sirkulær økonomi og betre utnytting av ressursane.

I tiltakspakken frå regjeringa blir det foreslått vidare 15 millionar kroner til etablering av eit nytt forskingssenter for miljøvennleg energi (FME).

Regjeringa foreslår òg å løyve 120 millionar kroner til EnergiX-programmet i Noregs forskingsråd for å fremje innovasjon og omstilling i norsk næringsliv.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken