Regjeringa forpliktar seg til nullvisjon for sjølvmord

Helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix Foto: Ole Berg-Rusten
– Årsakene til sjølvmord er samansette og komplekse, og vi har ikkje lykkast godt med å førebyggje sjølvmord, seier helseminister Bent Høie (H).
Regjeringa vil innføre ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Nullvisjonen skal gjelde for heile samfunnet, heiter det i ei pressemelding torsdag.
– Med ein nullvisjon forpliktar vi oss til å jobbe hardt og over tid for å førebyggje og forhindre at menneske ser døden som ein utveg når livet er så tungt at det ikkje er til å halde ut, seier Høie.
Til hausten legg regjeringa fram ein ny handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Planen vil i tillegg til tiltak i helsetenesta innehalde tiltak på område som sosiale medium og oppfølging av etterlatne.
(©NPK)
Kommentarer til denne saken