Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa foreslår at fleire slepp karantenehotell

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei som kan dokumentere at dei har eit leigeforhold i Noreg, eller som har ein eigna stad dei kan opphalde seg på, skal sleppe karantenehotell.

Dette gjeld viss ein kan bevise at karantenereglane blir følgde – at ein har eit opphaldsrom, matservering og toalett, samtidig som ein kan unngå nærkontakt med andre, sa justisminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse onsdag.

Dermed kan folk som ikkje har fast bustad i Noreg, men som vil opphalde seg i landet, sleppe opphald på karantenehotell. Dei vil framleis måtte vere i karantene i ti dagar.

Personar frå same husstand som reiser saman til Noreg, kan vere i karantene på same tilhaldsstad.

Forslaget frå regjeringa blir sendt ut onsdag med 48 timars høyringsfrist.

Fakta om reglar for karantene og karantenehotell

* Alle tilreisande til Noreg skal vere i karantene i 10 døgn. Unntak gjeld berre visse område i Norden og Europa med tilstrekkeleg låg smittespreiing.

* Dei som kan dokumentere eit leigeforhold i Noreg eller har ein annan eigna tilhaldsstad, kan no sleppe karantenehotell. Dei nye reglane gjeld frå etter helga.

* Ein må kunne dokumentere at karantenereglane blir følgde. Det blir kravd eit eige opphaldsrom, kjøkken og toalett, og ein må unngå nærkontakt med andre.

* Personar frå same husstand som reiser saman til Noreg, kan vere i karantene på same tilhaldsstad.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken