Vi kan seie farvel til både meteren og munnbind, men regjeringa ber oss bruke sunn fornuft når koronatiltaka blir borte.

– Denne dagen har vi venta på, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han innleidde pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen laurdag.

Då vart det klart at så godt som alle koronatiltaka vart fjerna laurdag klokka 10. Vi kan no seie farvel til både meteren, isolasjon og påbodet om munnbind.

– Koronapandemien utgjer ikkje lenger ein stor helsetrussel for dei fleste av oss. Omikronviruset gir langt mindre alvorleg sjukdom, og vi er godt verna av vaksinar, sa Støre.

Sjølv om regjeringa meiner vi no kan gå tilbake til ein normal kvardag, vil ikkje statsministeren kalle opninga av samfunnet for ei feiring.

– Det er framleis pandemi, sjukehusinnleggingane går opp, og det er sårbare menneske der ute som er urolege, sa Støre, som også la til at det kan komme nye smittebølgjer og virusvariantar.

Fleire lettar

I tillegg til at meteren og munnbindpåbod blir borte, blir kravet om isolasjon erstatta med ei tilråding om at smitta vaksne held seg heime i fire døgn. No er det òg berre vaksne med symptom som blir tilrådde å teste seg.

Barnehagebarn og skuleelevar blir tilrådde å halde seg heime når dei er sjuke, men kan gå i barnehagen og på skulen så lenge dei har vore feberfrie i 24 timar. Barn og skuleelevar treng ikkje teste seg sjølv om dei har symptom.

Også alle innreisekrava er no borte – både plikt til registrering og negativ test før ein kjem, blir oppheva.

– Kan leve meir som normalt

– Vi skal ta livet tilbake og leve meir som normalt, sa helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho oppmodar no alle til å ta i bruk restaurantar og teater. Ho håpar folk vil bruke utestadene, dra på konsertar og bruke dansegolva – men la til at det er viktig at vi bruker sunn fornuft.

– Klem ein venn, det skal eg gjere. Og viss det ikkje er kamera i nærleiken, så kan det hende at eg òg skal danse litt, sa helseministeren.

Forventar auka smitte

Når tiltaka blir borte, reknar regjeringa med at sjukefråværet kan bli høgt – også talet på sjukehusinnleggingar.

Men pasientane er kortare tid på sjukehus, og færre treng intensivbehandling. Folkehelseinstituttet estimerer at sjukehusinnleggingar ikkje vil overstige 1.000 samtidige innleggingar. Dette har sjukehusa kapasitet til å handtere.

– Vi er i stand til å handtere smitteauken. Sjølv om vi fjernar forskriftskrava, er det framleis viktig å følgje generelle smittevernråd, seier Kjerkol.

Trafikklysmodellen blir fjerna

Også for elevar og tilsette i skular og barnehagar blir det no ein normal kvardag når regjeringa fjernar trafikklysmodellen.

– Eg veit at leiarar og tilsette i barnehagar og skular gjer sitt ytste for at alle barn skal få eit fullverdig tilbod, sjølv om situasjonen framleis er krevjande. Målet vårt er at alle skular og barnehagar skal komme tilbake til normal drift raskast mogleg, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).