Det går fram av ei pressemelding fredag kveld.

– Frå no er det først og fremst personar med symptom som bør teste seg, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i pressemeldinga.

Etter dei med symptom er det folk som skal teste seg ut av karantene som skal prioriterast.

Endringa er særleg viktig for skular, barnehagar, høgskular og universitet, der det har vore anbefalt jamleg testing i kommunar som har opplevd smittespreiing som har påverka samfunnet i stor grad, blir det påpeika.

Endringa i teststrategien blir gjord på bakgrunn av faglege tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

– Kvar og ein av oss må framover ta eit større ansvar sjølv, og det gjeld òg bruk av sjølvtestar. Testane skal brukast når det er grunnar til det, og då først og fremst ved symptom, seier Kjerkol.

Kjerkol understrekar at kommunar som vurderer å innføre eit høgare tiltaksnivå, framleis må vurdere om jamleg testing då kan vere eit alternativ. Ho påpeikar at målet framleis er at barn og unge skal skjermast for dei mest inngripande tiltaka.

Det har vore meldt om mangel på hurtigtestar mange stader, og fleire kommunar har derfor måtta prioritere kven som skal få testar gratis.