Dei noverande koronatiltaka held fram til andre halvdel av januar, på grunn av frykt for aukande smitte i jula, seier helseminister Bent Høie (H).

På pressekonferansen til regjeringa tysdag viste Høie til at det i samband med julefeiringa er mange som reiser mellom kommunar, reiser til og frå utlandet og at mange samlast. Høie sa at dette kan bidra til å auke smittepresset og aukar risikoen for ei ny smittebølgje.

– Derfor beheld vi dei nasjonale tiltaka fram til andre del av januar. Då vil vi ta ei ny vurdering, sa Bent Høie (H).

Han åtvara òg personar som har symptom, men unngår å teste seg fordi dei vil sleppe å feire jul i karantene.

– Det må ein ikkje gjere. Det kan bety at ein tek auka risiko for å smitte dei aller næraste i samband med julefeiringa.

Han åtvara òg arbeidsgivarar mot å oppmode tilsette til å bryte karantene eller på andre måtar å omgå koronaregelverket.