No er det avgjort: Namnet blir Vestland

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Regjeringa går for Vestland som namn på den nye fylkeskommunen.

DEL

Det melder Hordaland Fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune fredag ettermiddag.

Regjeringa har i statsråd i dag avgjort at dei tilrår Vestland som namn på det nye fylket, melder Firda.

– Dette er vi veldig glade for. Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein identitet for vestlandsfylket. Eg legg til grunn at Stortinget følgjer tilrådinga frå departementet når dei gjer det endelege vedtaket før sommaren, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling i pressemeldinga.

– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

– Eg er glad for at vi har fått eit forslag til namn, og meiner at vi med dette namnet kan byggje ein felles identitet for det nye storfylket i vest, seier Hestetun.

Indresogningar fekk nesten fleirtal for «Fjordane» 

Duka for kamp om fylkesnamna 

Artikkeltags