Ber Stortinget oppheve fylkessamanslåinga

VIL SNU VEDTAKET: – Den nye regionen skulle få tilført oppgåver, og det har ikkje skjedd, seier Ingrid heggø.

VIL SNU VEDTAKET: – Den nye regionen skulle få tilført oppgåver, og det har ikkje skjedd, seier Ingrid heggø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) leverer i morgon eit forslag til Stortinget om å oppheve samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

DEL

– Når fylkestinget gjorde vedtak om å slå saman dei to fylka, var det under den klokkeklare føresetnad at den nye regionen skulle tilførast nye oppgåver, og det var til og med understreka at det skulle vere oppgåver av vesentleg betydning. Det har ikkje skjedd, og difor meiner eg vedtaket må opphevast, seier Heggø til Firda.

– Men Bergens Tidende har ei sak i dag som seier at Arbeidarpartiet har gitt opp å få snudd samanslåinga?

– Eg veit ikkje kva dei bygger si sak på, men eg leverer i alle fall mitt framlegg til Stortinget i morgon. Der vil det bli oversendt til kommunalkomiteen, og der ligg det allereie skilsmissesøknader for alle dei regionane vi stemte imot i Stortinget.

– Avtalen er ikkje oppfylt

– Men Arbeidarpartiet si fylkestingsgruppe stemte for samanslåinga?

– Ja. Under soleklar føresetnad om at det skulle tilførast oppgåver. Og det har ikkje skjedd. Avtalen er ikkje oppfylt, og då meiner eg den må avblåsast. Representantskapet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har gjort eit vedtak som hadde som føresetnad at det skulle tilførast nye oppgåver. Det har ikkje skjedd, representantskapet sitt vedtak ligg der, eg har klarert dette med fylkesstyret i partiet, og då er det heilt naturleg for meg å gå til dette skrittet, seier Heggø.

– Regjeringa har jo sett ned eit sokalla oppgåveutval, som skal sjå på kva oppgåver som kan tenkast overført til dei nye regionane. Eg veit ikkje kor tid dei skal levere, men før vi ser det, er det ikkje naturleg å vedta noko samanslåing. Og då er vi der Arbeidarpartiet heile tida har meint vi skulle vere: Først ser vi på kva oppgåver vi blir tilbodne, så vi veit kva konsekvensar vi får å halde oss til, og så kan vi eventuelt sjå på ei samanslåing.

Snøballen rullar

– Kor fort kan dette bli handsama?

– No går det til kommunalkomiteen, og så er det dei som kjem tilbake med ein framdriftsplan. Eg veit ikkje kor snart det kan komme opp, men snøballen er i alle fall begynt å rulle.

– Kor realistisk er det at de for fleirtal for dette?

– Det kan faktisk godt skje. Vi treng ikkje meir enn nokre få utbrytarar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre eller KrF, så går forslaget om å oppheve samanslåingane gjennom.

Samanslåinga blir debattert på fylkesutvalsmøtet i Florø måndag ettermiddag.

Artikkeltags